Praksisprosjektet for førsteårsstudentane på bachelor i musikkpedagogikk har vore standard i Ål sidan 2022, og blir no forlenga.
I den komande perioden vil klassen med musikkstudentar ha ei arbeidsveke i haustsemesteret på Ål kvart år. Der inngår studentane i ulike undervisnings- og formidlingsaktivitetar i og rundt kulturskulen.
– For Ål Kulturskule betyr dette ei styrking av rolla som eit lokalt ressurssenter, samtidig som den får bidra til å forme framtidas musikkpedagogar med erfaring frå ein distriktskommune der kultur står sentralt i samfunnet, seier Iris Almås Tangeraas, rektor på Ål kulturskule.
– Avtalen stadfestar Ål sin posisjon som ein attraktiv arena for praksis og samarbeid, og sikrar eit framleis tett band mellom høgare utdanning og praksisfeltet i og rundt kulturskulen, seier rektoren.