Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Rektor Astrid – på den eine sida, på den andre

Astrid Kvalbein med vinterklær står foran grå betongvegg.

Etter ein annleis valkamp i pandemi, med debattar over videokonferanse var det Astrid Kvalbein og hennar lag som vann fram til slutt. Frå 1. august 2021 hoppa ho på NMH-toget i fart.

– Det er mange som har spurd meg – har det blitt slik som du tenkte deg? Då må eg tenkje meg om – kva slags førestilling hadde eg eigentleg om korleis det skulle vere?

Det er berre så vidt vi får det til i den travle rektorkvardagen, men vi møter Astrid på kontoret med utsikt over plassen der studentar, lærarar, forskarar og musikarar går inn og ut med og utan instrumentkasse. Ho skal berre avslutte møtet i naborommet først. På den meterkorte vegen frå møterommet til kontoret, grip nokon tak i skuldra: Hei, har du eit lite minutt? Det er mange å lytte til og mykje å setje seg inn i.

– Det er jo som å hoppe på eit tog i fart. Dei administrative er ikkje på val kvart fjerde år – takk og lov!

Etter ho har prata med meg, skal ho tale på overrekkinga av Lindemanprisen til Maja Ratkje, så ho må rekke ein siste sjekk av talen også.

– Om det er noko som stemmer med forventingane, så er det i alle fall at det er godt å arbeide i team!

Astrid har med seg eit lag som ho meiner utfyller kvarandre på mange måtar når det kjem til kompetanse og kontaktflater. Prorektor Eyolf Dale frå jazz- og folkemusikkseksjonen, viserektor for studiar, Gunnar Flagstad, pianist frå det klassiske feltet, og viserektor for forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, Sidsel Karlsen, som er professor i musikkpedagogikk. Astrid sjølv kjem frå stillinga som leiar for NMHs eige historieprosjektet – som går fram mot 50-årsjubileet i 2023, og har fått med eit overblikk over institusjonen derfrå.

Høgskulen NMH

Sjølv om NMH-toget går, så er det viktig at ein får rom til å ha det overordna blikket også, understrekar ho. Og Historieprosjektet har gitt ein fin inngang slik sett.

– Eg sit med ei respekt for arven vi forvaltar. Respekt for dei vala som har blitt teke opp igjennom og kva som har fått NMH dit skulen er i dag.

Kva val tenkjer du på då, for eksempel?

– At vi har eit oppdrag inn mot mange flater av samfunnet. Vi har hatt ein slags dobbel identitet heile vegen, som kanskje skil oss frå andre store musikkonservatorium omkring i verda. At vi både er eit spesialisert musikkonservatorium og at vi som del av den store universitets- og høgskulesektoren heile tida har vore opptekne av å gjere oss relevante i samfunnet der ute. Det ligg ei politisk haldning i at vi som institusjon har ansvar for å snakke om verdien av det faget vi er spesialisert på – inn i ei akademisk verd som handlar meir om naturvitskap og større samfunnsfag, og inn i ein grunnskule som først og fremst skal lære elevane norsk og matte og digitale ferdigheiter.

Astrid Kvalbein står med hendene i siden og ser sjef ut.

Eit oppdrag og ein verdi som Astrid ser har vore med heile vegen frå dei som starta NMH – og det vart heftig debattert – er at det ikkje berre skulle vere ein elitemusikarutdanning, men også skulle utdanne lærarar for eksempel.

Kvalbein tykkjer også det er eit privilegium at NMH har fått lov å bli verande sjølvstendig som høgskule, sjølv om ho ser at det kan vere fordelar ved å vere del av ein større institusjon.

– Men no er identiteten vår knytt opp mot det å vere høgskule. Og eg er personleg glad i det der høgskule-omgrepet – det er jo nesten heilt på veg ut no. Det ligg ei verdsetjing av praktisk erfaring i det. Og den identiteten er kanskje vanskelegare å ta vare på inn i ei større samanslutning.

På universitetet er også teljekantsystemet meir styrande.

– Størstedelen av vår FoU-verksemd ikkje kan teljast i det systemet. Det er eit privilegium for oss når eg på universiteta ser at det alltid er fare for at både formidling og undervisning lid når det ligg press på å produsere skrift, fordi det er det som målast.

Og då må NMH kanskje vise verdien av det ein held på med på ein annan måte, då – korleis gjer de det?

– Det er ei utfordring, ut mot sektoren og samfunnet, sjølv om det for oss er lett å sjå verdien av alle konsertane vi har på huset, for eksempel.

Astrid såg med uro på kor lite merksemd den omfattande streiken i kulturfeltet fekk i media, og det på toppen av ein pandemi.

– Det uroar meg på vegne av faget, av studentane. Og det melder jo lærarane her om – studentane er bekymra for inntektsgrunnlaget i framtida, det er den akutte situasjonen som er no.

– Men i lys av denne utfordringa bør vi sørge for at studentane i løpet av studietida reflekterer over kvifor er det eg held på med viktig?

– Eg sit med ei respekt for arven vi forvaltar. Respekt for dei vala som har blitt teke opp igjennom og kva som har fått NMH dit skulen er i dag.

Astrid Kvalbein Rektor
Astrid Kvalbein med alpelue foran brune blader med snø på.

Astrid meiner at det å vere ein utøvar av musikk, å drive med musikk, må vere ein omsetjeleg verdi.

– Fordi ein må, men også fordi det finst ei større allsidigheit hjå mange enn det vi klarer å fange opp gjennom studia våre. Eg trur også ein må få med seg evna til å trivast med det å vere utøvar, eller undervise, eller skrive søknader.

Og dette er ikkje noko nytt heller, understrekar Astrid.

– Vi skal også gjere studentane medvitne på kva ressursar dei har med ut i verda, altså. Sjå for deg eit samfunn utan kunst og kultur, kor fattig det hadde vore.

Det folk ikkje visste dei ville ha

Musikken har aldri vore meir tilgjengelig enn den er no. Når ein står opp mot kommersialisme, det lettvinte, uendeleg valfridom - korleis kan Musikkhøgskolen bidra til å gi det andre?

– Det er jo òg ei kjempeutfordring. Folk brukar mykje musikk, men gjennom plattformer som for eksempel Spotify, der ikkje berre opphavarane får dårleg betalt, men algoritmane gir lyttarane meir av det dei likar frå før. Det er jo det vi er opp mot då – kommersialismen eigentleg.

Astrid trur på livemusikken.

– Det at ein er i same rom i møte med musikken. Det håpar eg at skjer no når alt opnar, at folk strøymer til konsertane. I ei tid der vi zappar, så er konsertsalen ein stad der vi er tvinga til å vere i det same, over tid.

– Ja, og her ligg det eit økonomisk aspekt – nokon av oss har moglegheit til å forvalte oppdraget med eksperimentering, med å utvikle noko nytt som ikkje nødvendigvis treng å løne seg eller trekkje eit stort publikum.

Musikkhøgskolen er av natur ei stor skute og det skal vere motstand mot forandring i ein slik institusjon, meiner Astrid.

– Vi har tradisjonar i DNA-et, dei fleste faglege årsverka er knytt til gamal musikk, og det er ein enorm verdi i dette. Samtidig kan det vere det som hindrar oss frå å ta grep for å verkeleg bli relevante i det samfunnet som heile tida forandrar seg.

– Men eg trur heller ikkje at vi som utdanningsinstitusjon skal zappe og kaste oss på alle musikalske trendar, vi har ikkje moglegheit til det heller.

Astrid trur heller det er fornuftig å finne ei arbeidsdeling med andre institusjonar.

– Om for eksempel Göteborg har ei verdsmusikkutdanning, så er det ikkje sikkert at vi skal ha det, men heller samarbeide med dei.

Er det frie kandidatstudiet litt av svaret på korleis ein kan tilpasse seg?

– Ja...

Ho dreg litt på det.

– Det har vore noko av det som det førre rektoratet har fått til som eg synest er kjempebra, og som no også har blitt ei masterutdanning. Det er ganske ressurskrevjande fordi det er så individuelle løp. Samtidig kan det skje ting der som kan gå inn i dei andre utdanningsporteføljene.

– Men FRIKA krev at ein veit ganske mykje om kvar ein er og kvar ein vil. Vi skal også ha plass til dei studentane som vil drive med musikk, men ikkje veit akkurat kvar dei skal.

Astrid synest spennet mellom handverket og det å finne ein sjølvstendig identitet som utøvar gjennom studiet er viktig.

– Det krev nok at ein kjem litt ut av kloa som det standardrepertoaret og prøvespelrepertoaret kan vere.

Ja, der Spotify sine algoritmar gir deg meir av det du likar frå før, skal du gjennom studiet bli eksponert til ting som du ikkje visste at du likte?

– Ja, og det kan jo skje gjennom noko så enkelt som pensum, ikkje sant.

Pensumproblematikk

Pensum er også sentralt i andre debattar og problematikk NMH må ta stilling til.

– Eg har ikkje tru på nokon revolusjonsmetodikk, men eg har tru på at det er mykje å gå på når det kjem til auka medvit på kva vi viser med tanke på for eksempel kjønnsbalanse og mangfald. Og det trur eg studentane har godt av i lys av det vi nettopp snakka om – skal ein bli individuelle musikarar, så må dei bli eksponerte for eit mangfald, også gjennom pensum. Der er også førebileteeffekten særs viktig.

Sjølv om ho ikkje har noko konkrete tiltak heilt enno, kjem ho med eit tenkt eksempel.

– Det kunne jo vore interessant å seie – for eksempel – at no skal det minst ein kvinnelig komponist inn i standardrepertoaret i alle instrumentallærarane våre. Kanskje hadde vi fått inn mykje ny musikk også – i same slengen. Eg trur ikkje det er umogleg å foreslå det lenger.

– Vi har tradisjonar i DNA-et, dei fleste faglege årsverka er knytt til gamal musikk, og det er ein enorm verdi i dette. Samtidig kan det vere det som hindrar oss frå å ta grep for å verkeleg bli relevante i det samfunnet som heile tida forandrar seg.

Astrid Kvalbein Rektor
Portrett av Astrid Kvalbein

Musikk i møtet mellom menneske – det som er felles

Astrid har sjølv to born i skulekorps, med instruktørar med bakgrunn frå Musikkhøgskolen, slik det gjerne er over heile landet.

– Eg merkar at dei kjem ut derfrå med pedagogisk medvit, at dei er stolte av faget sitt, det å spele i korps og vere utdanna frå Musikkhøgskolen. Det er inspirerande å sjå det frå den sida. På same måte som at det er inspirerande å sjå musikkterapeutane i arbeid, eller utøvarar i ei rad ulike samanhengar.

– Vi kjem ikkje utanom at vi er og vil vere ein eliteinstitusjon – vi vil utdanne dei beste. Men ser ein litt større på det så er det noko felles i det som oppstår gjennom musikken i møte med menneske overalt, og det kan vi vere stolte av.

– Eg likar å tenkje slik – går det an å finne eit slags minste felles multiplum for kva vi vil halde på med, at vi ikkje ser på alle dei forskjellige tinga vi gjer, men ser på kva som er felles for det vi held på med då. For i den daglege politikken her på huset, så har du det fagmiljøet og det fagmiljøet i seksjonar og studium osv. Skilje som kanskje får meir betydning enn dei treng å ha.

Det er gjennomgåande gjennom samtalen med Astrid at ho heile vegen vil nyansere – på den eine sida, på den andre.

Det virkar som du trivast i spørsmåla utan enkle svar?

– Eg trur i alle fall det er skummelt å lage nokre svar som ein tenkjer skal vare veldig lenge – i ei verd som heile tida utviklar seg.

– Eg trur det er skummelt å lage nokre svar som ein tenkjer skal vare veldig lenge – i ei verd som heile tida utviklar seg.

Astrid Kvalbein Rektor
Astrid Kvalbein står bak Musikkhøgskolen i vinterlandskap med snø.

Artikler relevante