Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

FRIBA akustisk

Studentane på Det frie bachelorstudiet (FRIBA) inviterer til akustisk konsert. Det er duka for ein internasjonal kveld i Sandvoldsalen, når publikum får høyre musikk av utøvarar frå Afghanistan, Latvia, Noreg og Sverige.

Medverkande

  • Ghawgha
  • Jostein Jordet
  • Grim Lohman
  • Elina Agneta Lamberte

Omtale

Ghawgha

Ghawgha er ein singer-songwriter frå Afghanistan, som blandar tradisjonell persisk musikk og lydar frå samtida. Slik har ho utvikla sitt eige musikalske uttrykk. Ho har opptredd internasjonalt, mellom anna på UNESCO og Nobels fredssenter, og blei nemnd som ei av 100 kvinner i BBC i 2021.

Jostein Jordet

Jostein Jordet går i førsteklasse på FRIBA, og speler og syng original akustisk musikk, med tekstar på gudbrandsdalsdialekt. Musikken er inspirert av all musikken han liker, og legg vekt på tekstar og improvisasjon.

Elina Agneta Lamberte

Elina Agneta Lamberte speler kokle, eit latvisk klimpreinstrument med strengar. På konserten presenterer Elina nye stykke for instrumentet og utforskar grafiske partitur. is a kokle player.

Grim Lohman

Grim Lohman er vokalist og komponist og utforkar forholdet mellom minne og tid. I kveld speler han eit fragment frå eit lengre verk der han speler ein sekvens med klangar kvar veke i løpet av eit år.

Fleire konsertar

Publisert: 19. okt. 2026 — Oppdatert: 19. okt. 2026