In C, av den amerikanske komponisten Terry Riley (1935–) har blitt eit ikonisk verk i den klassiske samtidslitteraturen og blir rekna som eit av dei første stykka i minimalistisk stil. In C blei komponert i 1964 og har sidan blitt tolka og framført av ei rekke artistar på tvers av ulike sjangeruttrykk.
Verket består av 53 korte musikalske fraser, der kvar frase blir gjentatt vilkårleg av musikarane i ensemblet, med stor grad av individuell fridom. Stykket har ingen fastsatt varigheit og komponisten angir heller ikkje ein fast instrumentasjon eller kor mange musikarar som skal spele. Med andre ord ligg det til rette for ein særeigen framføring når skolens nye studentar, med feler, el-gitarar, klarinettar og trompetar gjer enda ei ny tolking under leiing av Kjell Tore Innervik og John Vinge.
Kor
Koret blir instruert og dirigert av viserektor Vivianne Sydnes.
- Edvard Grieg (1843–1907): Ave Maris stella
- Sommerro/Pedersen: Bruremarsj frå Valsøyfjord