Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Avlyst: Oppstartsveka: Terry Rileys In C – konsert 2

-

Dei nye bachelorstudentane framfører Terry Rileys «In C» og to songar for kor som avslutning på oppstartveka. OBS: Konserten er avlyst grunna regn.

Sondre Stømdal

Ved Noregs musikkhøgskole startar førsteårsstudentane på bachelor med samspel og kor frå første dag. Konsertane denne fredagen er eit resultat av fem dagar med samspel og samsong.

Dette er den andre av to konsertar – den første er i Georg Sverdrups hus På Blindern (UiO) kl. 12:00.

In C

In C, av den amerikanske komponisten Terry Riley (1935–) har blitt eit ikonisk verk i den klassiske samtidslitteraturen og blir rekna som eit av dei første stykka i minimalistisk stil. In C blei komponert i 1964 og har sidan blitt tolka og framført av ei rekke artistar på tvers av ulike sjangeruttrykk.

Verket består av 53 korte musikalske fraser, der kvar frase blir gjentatt vilkårleg av musikarane i ensemblet, med stor grad av individuell fridom. Stykket har inga fastsatt varigheit og komponisten angir heller ikkje ein fast instrumentasjon eller kor mange musikarar som skal spele. Med andre ord ligg det til rette for ei særeiga framføring når skolens nye studentar, med feler, el-gitarar, klarinettar og trompetar gjer enda ei ny tolking under leiing av Kjell Tore Innervik og John Vinge.

Kor

Koret blir instruert og dirigert av viserektor Vivianne Sydnes.

  • Ave maris stella av Edvard Grieg
  • Bruremarsj frå Valsøyfjord av Henning Sommerro, arr. Grete Pedersen

Publisert: 3. aug. 2026 — Oppdatert: 21. aug. 2026