Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Sivert Andreas Holmen: Spel meg ein sjøsamisk slått

Kva kan skje når nord-samisk musikk møter norsk tradisjonsmusikk?

Fagområde: Kunstnarleg utviklingsarbeid

Čuojat munnje mearrasámi “šlotta” / Spel meg ein sjøsamisk slått er eit prosjekt ved folkemusikar og komponist Sivert Holmen som utforskar ein musikk som tek opp i seg nord-samisk tradisjonsmusikk og slåttespel frå Valdres, og utviklar dette for solo hardingfele og ulike ensemble.

I prosjektet undersøker Holmen korleis han kan utøve joik og slåttespel i eit felles musikalsk uttrykk medan ein tar vare på tradisjonane sin musikalske eigenart.

Prosjektet berører også korleis ulike samiske og sør-norske perspektiv påverkar lyttinga og utøvinga, samt korleis eit samisk forankra økosofisk idégrunnlag kan brukast som komposisjonsprosess- og metode. Kva er sirkularitet, og korleis finnast det sirkulære i joiken eller slåttane? Korleis kan ein spele den sterke koplinga mellom naturen og musikken? Kva er lenkja mellom fara vi trakkar og lyden av dette?

Prosjektet er sterkt forankra og motivert av familiehistorie og identitetssøken. Med røter i sjøsamisk og kvensk kultur frå Finnmark, og oppvekst i Valdres med hardingfele og slåttespel som musikalsk morsmål, blir arbeidet både ei undersøking av eigen familiehistorie, men også ei kunstnarleg utforsking av strukturar som vart konstruerte gjennom assimileringspolitikk.

Publisert: 20. aug. 2026 — Oppdatert: 14. sep. 2026