Forventningar til musikkterapi kan vere uklare, motstridande og til tider krevjande å handtere, noko som kan skape både moglegheiter og utfordringar i arbeidet med barn og unge i utsette livssituasjonar.
Gjennom ein eksplorativ instrumentell multippel casestudie undersøker denne avhandlinga korleis forventningar oppstår, blir formidla og handterte frå tre perspektiv: barnevernsleiarar, musikkterapeutar og ungdom med erfaring frå musikkterapi. Ved å sette desse perspektiva i samanheng, gir studien innsikt i korleis forventningar frå ulike grupper påverkar kvarandre og kan forme både praksis og resultat av musikkterapien.
Avhandlinga utfordrar tradisjonelle individfokuserte tilnærmingar ved å integrere perspektiv som ser musikkterapi i samanheng med relasjonar, system og omgivnader, og korleis forventningar blir forma og delt i desse samanhengane. Studien løftar fram behovet for systematisk arbeid med forventningsavklaring for å legge til rette for tryggare deltaking og fleire og meir tilpassa tilbod til barn og unge i utsette livssituasjonar.
Ingeborg Nebelung er barnehagelærar, musikkterapeut og rettleiar. Ho har jobba som musikkterapeut sidan 1998, med erfaring frå eit breitt spekter av arbeid med barn, unge og vaksne på ulike arenaer. Ho underviser på musikkterapiutdanningane ved Noregs musikkhøgskole og på PPU i scenekunst ved Kunsthøgskolen i Oslo.
Kolofon
NMH-publikasjoner 2026:8
ISSN 0333-3760
ISSN (online) 2535-373X
ISBN 978-82-7853-371-0 (trykt)
ISBN 978-82-7853-372-7 (pdf)