Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

A Ceremony of Carols

Julestemning med songarane, dirigentane, Britten og meir.

Vi i seksjon for dirigering, song og kyrkjemusikk slår oss saman for å fylle Majorstua kyrkje med den vakraste julemusikken. Det blir garantert nokre kjende og kjære juletonar, men også noko du kanskje ikkje har høyrt før, som vil overraske og røyre. Og så håper vi du vil vere med å synge – vi har notar om du ikkje kan det frå før. Det vil altså vere store moglegheitar for å finne den gode stemninga før julefreden senkar seg.

Benjamin Brittens (1913–1976) verk, A Ceremony of Carols, for like stemmer og harpe, blei første gong sunge i London i 1943. Tekstane er henta frå The English Galaxy of Shorter Poems, gitte ut av Gerald Bullett i 1942.

Medverkande

  • Song- og dirigeringsstudentar (bachelor) frå NMH
  • NMHs øvingsensemble

Fleire konsertar

Publisert: 25. jun. 2023 — Oppdatert: 26. jun. 2023