Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

AREPO: Lydar, strengar og røyr for fire

De fire medlemmene i Ensemble Arepo kikker inn i kameraet fra froskeperspektiv: Elizabeth Kate, Noel Rubli Madara, Mezale og Marco Slaviero.

AREPO, eit ensemble beståande av trekkspel, cello, klarinett, og gitar, utforskar det soniske universet til instrumenta dei spelr på gjennom ulike samtidsverk.

Marco Slaviero

Blanding. Samansmelting. Unisont. Likskap. Dette er ord som dukkar opp når AREPO reflekterer over vanlege musikalske einingar. Den tradisjonelle kvartetten med to fiolinar, bratsj og cello, kjem alle frå same instrumentfamilie, og det same gjeld for ein messingkvintett eller eit kor. Lydar som blir skapt når instrumenta er like er kraftfulle. Unisonen er djerv og direkte, klangen klar og tydeleg.

Likevel, sjølv om verda har funne styrke i felleskap, finst det også styrke i motsetningar. Forskjellar skapar ei forstyrring i det ein forventar, og sjølv dei mest ekstreme kan berre eksistere utan ein partnar. Trekkspel og klarinett, to røyrblåseinstrument, cello og gitar, to strengar; dette er AREPO. Vi er eit ensemble som både har styrken i likskap og polariteten.

Denne konserten er ei utforsking av våre lydar, strengar og røyr; ei djupdykk i kva som kan smelte saman og kva ein kan skilje frå kvarandre. Kva er AREPO sin lyd? Kanskje ein uskiljande musikalsk eining, kanskje ei samansetjing av paradoksal støy. Kom den 18. november kl. 19:00 og avgjer sjølv.

Medverkande

  • Elizabeth Kate (cello)
  • Madara Eleonora Mežale (klarinett)
  • Noel Rubli (trekkspel)
  • Marco Slaviero (gitar)

Fleire konsertar

Publisert: 30. okt. 2023 — Oppdatert: 30. okt. 2023