Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Barbro!

Barbro Marklund står på scenen og smiler og gestikulerer.

Velkommen til avskjedskonsert for professor emeritus Barbro Marklund.

Johannes L. F. Sunde

Barbro har samla ein stor skare av Noregs fornemste songarar og pianistar i forskjellige sjangrar – viser, jazz, musikal, operette og sjølvsagt med tyngdepunkt på klassiske romansar og opera. Den musikalske bredden og variasjonen av stilar og epokar er lang, brei og høg, og blir strekt i alle retningar. Publikum får høyre solo, duettar, ensemble, kor og delta i allsong.

Dette blir ein heilkveld av ein songarfest som de seint vil gløyme, og konferansieren kjem frå TV! I tillegg får publikum nokre sensasjonelle overraskingar. Følg med på heimesida, der de også kan booke ein plass i salen. Bobler i pausa.

Publisert: 8. jun. 2022 — Oppdatert: 24. jun. 2022