Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Barokkonsert

Ann-Helen Moen, Mona Julsrud og Marianne Beate Kielland inviterer til barokkonsert.

Medverkande

  • Ann-Helen Moen og Mona Julsrud (sopran)
  • Marianne Beate Kielland (mezzosopran)
  • Christian Kjos (cembalo)
  • Gunnar Hauge (cello)
  • Petter Richter (lutt og teorbe)

Omtale

Det blir meir tidlegmusikk på Musikkhøgskolen dette studieåret. I kveld sparkar vi i gang denne satsinga, og byr på herleg vokal barokkmusikk av ypparste klasse med komponistane Vivaldi, Purcell, Blow, Couperin, Porpora og Luzzaschi. Det blir både virtuost og vakkert, solonummer og duettar og tersettar. Velkommen til vokal festaftan med Kielland, Moen og Julsrud, akkompagnert av nokre av Noregs fremste tidlegmusikkinstrumentalistar.

Publisert: 8. jun. 2022 — Oppdatert: 17. jun. 2022