Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Beethoven: To store symfoniar

Morgondagens orkesterdirigentar dirigerer skolen sitt øvingsorkester.

Vi høyrer Beethoven sin revolusjonerande symfoni nr. 3 «Eroica», og hans spenstige symfoni nr. 8.

Program

Ludwig van Beethoven (1770–1827): Symfoni nr. 8 i F-dur, op. 93

  1. Allegro vivace e con brio
  2. Allegretto scherzando
  3. Tempo di menuetto
  4. Allegro vivace

Pause

L. van Beethoven: Symfoni nr. 3 i Ess-dur, op. 55 «Eroica»

  1. Allegro con brio
  2. Marcia funebre. Adagio assai
  3. Scherzo allegro vivace
  4. Allegro molto

Medverkande

  • Musikkhøgskolens øvingsorkester

Dirigentar på Beethovens 8. symfoni

  • Jarl Eivind Aspen
  • Hans Kristian Ven Røstad
  • Eline Storheim
  • Thomas Nettle

Dirigentar på Beethovens 3. symfoni

  • Kristoffer Wøien
  • Roeland Henkens
  • Adomas Morkünas-Budrys
  • Mario Garcia Ramos

Omtale

Symfoni nr. 8 blei uroppført 1814. Da Beethoven skreiv symfonien, hadde han hausta suksess med fleire verk og var ein populær og ruvande skikkelse i samtida. Men livet baud på utfordringar, og hans aukande døvheit sette stoppar for fleire framsyningar. Likevel skreiv Beethoven eit av sine lysaste verk, symfoni nr. 8, som speilar attende til Haydn. Den uvanleg korte symfonien kunne vore avslutninga på hans symfoniske virke, hadde han ikkje skrive nr. 9 seinare. Symfonien viser krafta hans og befestar hans musikalske posisjon etter Haydn. Andresatsen minner svært om andresatsen i Haydn sin symfoni nr. 101, «Klokka». Beethoven sjølv sender ei munter helsing til sin gode ven Melzel, metronomen sin far. Den 8. symfonien blei uroppført med symfoni nr. 7 på programmet også. Beethoven blei spurd kva han tenkte da den 7. symfonien fekk meir applaus enn den 8. – da svarte han: «fordi den 8. er så mykje betre.»

Symfoni nr. 3 blei uroppført i 1805. Beethoven vaks opp med den franske revolusjonen og hadde ei sterk beundring for Napoleon Bonaparte. Han skreiv sin 3. symfoni som ei hyllest til ham, med tittelen «Bonaparte». Men da Napoleon krona seg sjølv til keisar blei Beethoven så skuffa og sint at han reiv partituret sine første sider i filler, fordi han meinte Napoleon handla mot all rettferd og brorskap. Han gjorde om tittelen til «Sinfonia Eroica – til minne om ein stor mann.» Symfoni nr. 3 er ein mykje lengre symfoni enn det som hadde blitt skrive før, og symfonien sprenger tidligare former. Den startar med to kraftige Ess-durakkordar, før vi får presentasjonen av det heroiske hovudmotivet i celli. 2. satsens sørgemarsj har ein form og kraft som ikkje har eksistert før. I 3. satsen forlet Beethoven den typiske 3. sats-formen, menuetten. Han skriv i staden ein sterkt rytmisk Scherzando med forlengd form, og ein trio med heltens jakthorn. 4. satsen er i ein variasjonsform som byggjer på eit tema frå Beethoven sin ballett om den greske guden Prometheus. Eroica-variasjonane er også eit enkeltståande verk for klaver.