Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Blåsarakademiet

Velkommen til konsert med Blåsarakademiet med musikk av Milhaud og Gulda, samt to urframføringar av studentar. Cellist Louisa Tuck er solist.

Program

  • To studentverk (urframføringar)
  • Darius Milhaud (1892–1974): Lille (kammer)symfoni nr. 5, op. 75
  • Friedrich Gulda (1930–2000): Cellokonsert

Medverkande

  • Louisa Tuck (cellosolist)
  • Professor Leif Arne Pedersen (dirigent)

Omtale

Milhaud: Lille (kammer)symfoni nr. 5, op. 75

Den franske komponisten Darius Milaud sin kammersymfoni for blåsarar frå 1922, er også kjend som Tentetten. Han er den femte av kammersymfoniane, som også blir kalla dei små symfoniane. Kveldens verk blei skrive på bestilling frå den italienske radioen, og er dedisert Marya Frúnd, sopran og venn av Milaud, som song på urframføringa av Schönberg sin «Pierre Lunaire», med Milaud på dirigentpodiet.

Kammersymfonien blei framført for første gong i Champs-Elysées i Paris, i 1923. Dei tre satsane har ei total varigheit på ca. seks minutt. Alle tre bruker motivisk cellekontruksjon, kromatiske skalabevegelsar og motbevegelse mellom stemmene. Forma er meir tvitydig, sidan det blei skrive etter Milaud reiste til Brasil, men det hintar til former frå barokken, som var spesielt populære under neo-barokken da Milaud levde. Mawer skriv om kammersymfoniane at dei er prega av kromatikk på grensa til atonalitet og jazz-inspirert modalitet. Han beskriv det som eit overraskande aleatorisk element, bunde saman med den neoklassiske estetikken.

Gulda: Cellokonsert

Den østerrikske komponisten Friedrich Gulda blei betegna som eit vidunderbarn og vann fleire internasjonale prisar som klassisk pianist. På 50-talet utvikla han ei interesse for jazzmusikk som skulle vare resten av livet. Frå da av blei hans kompositoriske karriere dedikert til å blande klassisk og jazz, og cellokonserten er eit eineståande eksempel på dette. Det er ein halvtime med nonstop musikalsk energi, klassiske menuettar og rockesongar, europeiske folketonar og pseudo-atonalitet. Komponert i 1980 med blåseensemble i staden for orkesterakkompagnement framstår cellokonserten som eit strålande bidrag til moderne klassisk musikk.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 22. okt. 2021