Dans og musikk har frå tidenes morgon vore nært i slekt. Bli med når Christiania Blåseensemble utforskar dansen si historie gjennom hoftevrikkande rytmar og forførande linjer.
Medverkande
- Reid Gilje (dirigent)
- Christiania Blåseensemble
Omtale
Christiania Blåseensemble starta opp i 2008 og er eit studentstyrt ensemble laga av og for musikkstudentane i Oslo. Ambisjonsnivået er høgt, med mål om å prestere på høgde med dei profesjonelle janitsjarkorpsa. Korpset frontar nykomponert, norsk musikk og er ein arena for unge, lovande dirigentar. Sidan 2013 har Christiania gått til topps i NM i janitsjar fire gonger, og elles vore på pallen. Korpset held fleire eigne konsertar og speler fast i 17. mai-toget i Oslo.