Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ding-dong: Tradisjonar i rørsle

Kollasj av Gro Marie Svidal og Silje Onstad Hålien.

Kva for moglegheiter for nyskaping finst innan den sterke folkemusikktradisjonen? Presentasjon, performance og samtale med Gro Marie Svidal og Silje Onstad Hålien.

Martin Hugne, Tanja Steen

Med utgangspunkt i den norske folkemusikken og folkedansen, undersøker duoen Svidal/Hålien ulike rammer for improvisasjon, og spør korleis materiale kan nyttast i improvisert samspel. Korleis påverkar improvisasjonssituasjonen måten utøvarane nyttar tradisjonsmateriale på?

Medverkande

  • Gro Marie Svidal (hardingfele)
  • Silje Onstad Hålien (dans)

Omtale

Gro Marie Svidal er ph.d.-stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Noregs musikkhøgskole med prosjektet Tryllespel. Ho er ein av Noregs mest anerkjente, prisvinnande og virtuose folkemusikarar, med lang erfaring frå sceniske produksjonar. Silje Onstad Hålien er profesjonell dansar og koreograf frå Valdres, utdanna ved Den norske balletthøgskolen og Dance New Amsterdam i New York. Ho har jobba som skodespelar og dansar i ei rekkje framsyningar. I 2015 blei ho kåra til Årets folkemusikar, av heile folkemusikk- og folkedansbransjen på Folkelarm.

Publisert: 16. feb. 2024 — Oppdatert: 13. mar. 2024