Verket «Død sjø» er inspirert av havet, av Røed sine opphald på hytta på Sotra, og av besteforeldra hans, som kjende det uendeleg løyndomsfulle djupet langt betre enn den bergenske saksofonisten sjølv gjer.
Ein omfattande turné med rockebandet Spidergawd våren 2023 gav meirsmak for Røed. Han tek like godt med seg både bandet sin trommeslagar, Kenneth Kapstad, og bassisten Hallvard Gaardlaus til konserten. I tillegg har han fått med seg den ekspressive Even Helte Hermansen, kjend frå Bushman’s Revenge, på gitar.