Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Fløyta i det 20. hundreåret

Nærbilde av fløyte over noteark

Konsert 1 av 2: Stockhausen og Jolivet. Frida Lereng speler.

Zoltán Vörös

I den første av to konsertar, rettar vi søkjelyset mot to bautaer innan fløytemusikken. Der André Jolivet (1905–1974) med rette har tatt ein plass i fløytisten sitt standardrepertoar, står Karlheinz Stockhausen (1928–2007) enno ute i kulda. Det er på tide at det nokså omfattande fløyterepertoaret hans blir løfta fram i lyset. Musikken er intrikat og fascinerande, og bringer ein ny dimensjon inn i instrumentalmusikken: det teatralske. Instrumentalisten får no nærast operasongerens rolle, og utfordringane står i kø for den som er vand med å kunne skjule seg bak notestativet. Konserten sluttar med Jolivets fantastiske fløytesonate.