Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Giljing

Malin Alander ser tankefull ut

Giljing er folkesong frå Gloppen i eit elektronisk lydlandskap.

Giljing er ein konsert der utgongspunktet er folkesong frå Gloppen kommune, henta frå fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Ideéen er å bruke folkesongen i ein ny kontekst, utfordre songane og få fram det beste i både dei gamle utøvarane og songane.

Medverkande

  • Malin Victoria Alander (stemme)
  • Hans Kjorstad (fele)
  • Mike McCormick (laptop, lyddesign)

Omtale

Musikken er framført av ein virtuos vokalist og fiolinist, omslutta av eit stimulerande elektronisk lydlandskap. Malin Alander er oppvaksen i Gloppen kommune, og dette representerar noko personlig og nært, men samtidig fjernt for ho. Dette er fletta saman med elektronikk som representerar det personlige, nære og fjerne. Nokre gongar får du høyre eit lite element frå ein song, ein lokk eller ei salme, nokre gonger får du høyre musikken i sin heilhet. Ein leiken og improvisatorisk måte å utforske norsk folkemusikk på.

Publisert: 17. aug. 2020 — Oppdatert: 17. aug. 2020