Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

I lydarlæte

Sivert Holmen spiller hardingfele i blå kofte.

Sivert Holmen speler masterkonsert med prosjektet «I lydarlæte».

Cathrine Dokken

Lydarlæte frå Valdres er ein musikktradisjon som strekker seg attende til starten av 1800-talet, og var noko så spesielt som hardingfelespel for eit lyttande publikum i ei tid då låttane elles var knytt til dans eller det seremonielle. Sivert Holmen har nytolka og rekomponert lydarlæte, og speler omarbeidingane saman med tradisjonelt lydarlæte i denne masterkonserten. Låttane blir utforska gjennom variasjon og kontrastar i klang og tonalitet, ornament og melodimotiv, eksperimentering med differenstonar og temporal utstrekking. Konserten kastar nytt lys over ein unik musikktradisjon på hardingfele.

Publisert: 4. mai 2023 — Oppdatert: 29. mai 2023