Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ingebjørg – Kveding

Ingebjørg Reinholdt med hendene i håret

Velkomen. Til deilig akustikk, eit lite smutthol i tida der du kan få høyre vakre folkemelodiar med underfundige tekstar, gærne historiar frå gamledagar og eit mikrounivers gjort opp av stemmene som er i meg (etter ein liten rundtur i gamleopptaksland).

Idun Emilia Lervik

– I to år har eg lytta, analysert, herma, høyrd intervju og gjort intervju og forska på Gro Heddi Brokke si songlege spegling av naturlovprisinga i steva sine, Aslak Brekke sin "no-nonsense-skal-f**nden-meg-høyrast-på-bakerste-rad"-stil som ellers er meir tydeleg i andre folkesongtradisjonar der dei ikkje har vorte velsigna (eller forbanna) med mikrofonar og høgtalarar, ein overtonerik og insisterande rå lyd. Og Kari Dale sin leikne, lette, men også mørke når historien krev det-fortellarsong, som stadig deg ei uventa vending og krydras med bittesmå detaljar som er ein fryd om du tilfeldigvis får eit glimt av dei. Det skumle når ein brukar nokon andre som inspirasjon (og fokus, for ellers er det jo altfor mange stemmer å ta av), er at det må bli ekte, det må bli eg som seier det. Så siste delen av prosjektet er å ta desse uttrykka og lage min eigen versjon, bruke mi stemme og ikkje nokon parodi, så det blir ekte, eller sant, om du vil. Eg har fundert masse på korleis song er eit sammensurium av lyd, pust, språklydar, dialektvariasjonar, overtonar, rytmikk, tempo, pauser og klang, rett og slett musikk, og tekstmeining. Og korleis det fins lag på lag av bittesmå ting som ein kan stirre på med lupe. Så eg føler meg mindre ferdig med prosjektet no enn då eg starta. Men no skal eg altså kikke opp frå lupa og synge litt for dykk.

Som alltid når ein gjer eit slikt prosjekt, innser ein jo at ein aldri blir ferdig. Det er jo halve moroa. Kvar gong ein kjem til ein milepæl, skjønnar noko nytt, så opnar det seg nye mikrounivers med landskap du aldri har sett før. Det er til å bli både gal og glad av. Konserten er ikkje noko punktum, men eit slags “freeze-frame” av dit eg har kome no, og heile prosjektet er jo eit eksperiment. Som eg er ganske fornøgd med å ha starta, og gledar meg til å tenke, forske og leike med resten av mitt syngjande og skravlande liv.

Velkomen på konsert.

Ingebjørg Lognvik Reinholdt

Publisert: 7. jul. 2020 — Oppdatert: 7. jul. 2020