Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Kammermusikkveka: Kjønnsmangfald i musikken

Kollasj av kvinnelige komponister til Kammermusikkuka 2023: Clara Schumann, Hildegard von Bingen, Lili Boulanger, Caroline Shaw, Agathe Backer Grøndahl, Nina Šenk, Kaija Saariaho, Ida Grande Kaurin, Sofija Gubajdulina.

Konsert med mellom anna historiske verk og nyskriven musikk, framført av studentar frå klassisk musikk, improvisert musikk og jazz, og norsk folkemusikk.

Nasjonalbiblioteket, Andrew Campell, Henri Manuel, Ciril Jazbec, Dmitri Smirnov, Music Feast, Wellcomeimages, Regine Dalen Birkeland, Marte Gundersen

På dag to i Kammermusikkveka ønsker NMH å setje lys på kjønnsmangfald i samtidas musikkliv og i musikkhistoria, i eit program kuratert av Eva Beneke, Guro Gravem Johansen og Gjertrud Pedersen. Paneldebatten inkluderer sentrale personar frå NMH, musikkbransjen og media.

Den vestlege musikkhistoria har i stor grad favorisert mannlege komponistar, musikarar og tradisjonsberarar, medan kvinner og ikke-binære har ofte blitt oversett av historieskrivarar, deira bidrag har blitt forminska, eller dei har mangla moglegdom til å delta i musikklivet på lik linje med menn. Dette har bidrege til musikalske kanonfortellingar der viktige personar, musikalske uttrykk og perspektiv manglar.

Den sjangeroverskridande kveldskonserten med NMHs studentar og lærarar vil framheve musikk og perspektiv skapt av kvinner og ikkje-binære aktørar i musikklivet før og no.

Program

  • Tine Surel Lange (1989–): Organized Sound for Sounding Objects, for klokkespel og vinglass, med Mathias Næsguthe Remåd (gitar og objekt) og Maria Holstad Maximov (slagverk)
  • Helena Søgaard Gloslie (2004–): Morgen (2023. Versjon for kammerorkester av Maria Bubnova)
  • Sigyn Sjølie Sandegren (2000–): For eg vil kviskra, for strykekvartett og mezzosopran (2022. Tekst: Jon Fosse), med Runa Kvalsund (song), Trygve Liahagen og Tiril Eirunn Einarsdotter (fiolin), Marius Westling (bratsj) og Live Tønnesen Nordberg (cello)
  • Trad: «Eg reiste meg ein gong nordafjølls.» Gamlestev etter Ingvill Marit Buen Garnås, med Une Lorentze Onarheim, Maja Nordin, Runa Kvalsund og Sigyn Sjølie Sandegren (song) og Julia Bengtson (song og fele)
  • Clarice Assad (1978–): Bluezilian (2005), for gitarkvartett, med Eva Beneke, Jonas Hald, Jon Svenungsson og Nicolai Andresen
  • Caroline Lizotte (1969–): Raga for to harper, med Isabella Cambini og Zoja Djordjevic
  • Clara Schumann (1819–1896) Ich stand in dunklen Träume, Liebeszauber og Die Stille Lotusblume frå «Sechs Lieder» op. 13 (1844), med Marianne Beate Kielland (mezzosopran) og Bart van Oort (hammarklaver)
  • Fanny Hensel (1805–1847): Adagio ma non troppo frå Strykekvartett i Ess-dur (1834), med Jon Darre og Fanny Hjort (fiolin), Theodor Normann-Eide (bratsj) og Tara Stranegger (cello)
  • Marie Lillesand Høgestøl (2000–): Tårn i fyr (2023) for strykesekstett og sopran (urframføring. Tekst: Halldis Moren Vesaas), med Marie Lillesand Høgestøl (sopran), Ariane Jebsen Alvestad og Mathias Liodden (fiolin), Gustav Rørmark og Marius Westling (bratsj), Lukas Hovland, Sophie Kauer (cello) og Henri Raeck (musikalsk leiing)
  • Carla Bley (1936–2023): Real Life Hits og Dreams So Real (tekst: Paul Haynes/Mick Taylor), med Mattias Vidme Crantz, Beatrice Juskaite og Julie Martine Vestrheim (vokal), Ingrid Matilde Mæland (piano), Lasse Damsgaard Andersen og Maja Källström (saksofon), Eira Elise Øverås (trompet), Jens Andreassen Koppang og Victor Middleton (trombone), og Katarina Sjåfjell (gitar), Colin Lilius Karlsen og Martin Koldem (bass), Henning Lillehaug og Emma Østberg (trommer), Morten Halle (musikalsk leiing)

Omtale

Lærarane Eva Beneke (førsteamanuensis i klassisk gitar), Guro Gravem Johansen (professor i musikkpedagogikk) og Gjertrud Pedersen (førsteamanuensis i musikkhistorie), ønsker å bidra til nye måtar å formidle musikkhistorie og musikalske praksisar, i utviklingsprosjektet «Challenging the musical canon». Dei er vertskap på konserten som spenner frå romantiske lieder og samtidsmusikk til folkemusikk og jazz framført av studentar og lærarar frå NMH.

Musikken er skapt av komposisjonsstudentar og historiske og samtidige komponistar og tradisjonsberarar, nemleg Clarice Assad, Carla Bley, Ingvill Marit Buen Garnås, Helena Søgaard Gloslie, Fanny Hensel, Marie Lillesand Høgestøl, Tine Surel Lange, Caroline Lizotte, Sigyn Sjølie Sandegrenog Clara Schumann.

Paneldebatt om kjønnsmangfald i musikken

Paneldebatten inkluderer sentrale personar frå NMH, musikkbransjen og media. Les meir og sjå deltakarane.

Publisert: 25. jun. 2023 — Oppdatert: 7. nov. 2023