Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

FRIKA på scena

Kollasj av seks bidragsytere fra det frie kandidatstudiet; Victoria Oftestad, Nawar Alnaddaf, Sondre og Una

Denne linja, som for så mange har stått som eit stort spørsmålsteikn; med segnomspunne fora og studentar som dukkar opp i heilt tilfeldige fag, kan man tru litt av kvart. Men kva er det eigentleg som blir laga på det frie kandidatstudiet? Og er det ei sekt?

Tomas Nannestad and more (editing: Una Sand and Sondre Bergersen)

Program

På NMHs FRIKA-linje får ei utvald gruppe studentar moglegheit til å jobbe med sitt heilt personlege prosjekt. Musikken som kjem ut herfrå er både både mjuk og hard, storslått og intim, og alltid studentanes eiget uttrykk. I fjor fekk vi ha éin klassekonsert for 10 utvalde gjestar i Lindemansalen – no er det opent for alle som vil! Kom og høyr ein smakebit av det FRIKA har å by på.

Det frie kandidatstudiet

Det frie kandidatstudiet (FRIKA) er for dei som speler musikk som fell mellom etablerte sjangrar, eller som vil studere fleire ulike disiplinar, instrument eller sjangrar. FRIKA er for dei som ikkje passer heilt inn i dei andre studieretningane.

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 14. okt. 2021