Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Oslo kulturnatt på NMH: Open prøve med Christiania Blåseensemble

Vi er sjølvsagt med på Oslo kulturnatt, og vårt eige Christiania Blåseensemble inviterer til open prøve.

Ragnhild Benedikte Myrbakk

Eit av Noregs fremste janitsjarkorps ønsker gjennom eit variert og spennande repertoar å vise fram at god korpsmusikk er mykje meir enn marsjar på 17. mai.

På denne prøven får publikum høyre utdrag frå verk som kan få fram både tårer, latter og sinne. Samtidig vil publikum òg få ei unik moglegheit til å oppleve korleis eit korps på høgt nivå jobbar under innøving.

Medverkande

  • Nils Erik Måseidvåg (dirigent)
  • Studentar ved Norges musikkhøgskole

Publisert: 6. jul. 2021 — Oppdatert: 4. sep. 2021