Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Längstwelle

Martin Bremnes og Magnus Breivik held audiovisuell konsert med fokus på oppvekst og minne.

Medverkande

  • Martin Bremnes (trommer, elektronikk, filmskapar)
  • Magnus Breivik Løvseth (tuba, elektronikk)

Omtale

Kva minne har vi eigentleg med oss frå barndommen? Längstwelle er ei audiovisuell konsertframsyning som undersøker sjølvutlevering igjennom improvisasjon. Ved hjelp av gripande live-visuals blir minne utforska for å kunne seie noko om korleis vi opplever oppveksten. Med bilde av storslåtte gruver, nedslitne klasserom og islagte fjordar skildrar framsyninga tomheita og usikkerheita ein erfarer, samt vala ein tar i livet som ung. Framsyninga ønsker å plukke fram dei vanskelege situasjonane som kan oppstå, og dei traumatiske aspekta som følger deg resten av livet.

Publisert: 22. jul. 2020 — Oppdatert: 24. jul. 2020