Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Ljøsblått: Intimkonsert med Gro Marie Svidal

Gro Marie Svidal – ei av Noregs fremste spelekvinner, og ph.d.-stipendiat.

Martin Hugne

Gro Marie Svidal er ei av dei mest anerkjende og virtuose utøvarane våre på hardingfele. Ho er i dag ph.d.-stipendiat i kunstnarleg utviklingsarbeid ved Noregs musikkhøgskole, og på konserten under Ljøsblått får du høyre noko av det ho arbeider med i ph.d.-prosjektet sitt. Tittelen på prosjektet er: «Tryllespel – å utforske, spore av frå og spinne vidare på det improviserte førespelet og etterspelet på hardingfele.»

Hardingfelemusikken sine førespel og etterspel er utgangspunktet for, og dannar rammeverk til Svidal sine improvisasjonar på fela. I prosjektet undersøker og testar ho ut nye eller endra rammer med inspirasjon frå element, estetikk og musikalsk vokabular ho har fått innsyn i gjennom møter med utøvarar og komponistar frå eigen og andre sjangrar. Slik spinn ho vidare på og sporar av frå dei tradisjonelle improviserte førespela og etterspela.

Svidal sin oppvekst i det rike folkemusikkmiljøet i Jølster dannar grunnlaget for ei allsidig og kreativ karriere, der ho også har fordjupa seg i og formidlar hardingfelemusikk frå Sunnfjord, Sogn, Voss og Hardanger. Svidal har samarbeidd med ei rekke utøvarar innan ulike sjagrar i tillegg til utstrekt soloarbeid. Ho er også ei av tre kvinner som gjennom historia har vunne den prestisjetunge eliteklassen på hardingfele på Landskappleiken.

Les meir om prosjektet hennar her.

Publisert: 5. nov. 2023 — Oppdatert: 15. nov. 2023