Dei tek tradisjonsmusikken inn i ei ny tid, og med stor variasjon i uttrykk og bruk av ulike instrument blir gamle dansar og viser som nye. Dei lar seg inspirere både av moderne musikkuttrykk og av dei solide tradisjonsberarane som studentane har som førebilete og læremeistrar. Desse vil du ikkje gå glipp av på dansegolvet.
Medverkande
- Siri Nordgård, Silja Lid Strysse (toradar)
- Steinar Odde, Emma Sandseter-Selen, Ivar Blekastad Haugen, Vegard Hansen (trekkspel)
- Ragna Valde Sletten, Solveig Eide Grønningseter, Ane Stakston Aasen, Iselin Aukrust, Robin Morken, Synne Kjøk (fele)
- Ånund Meberg Myhren (gitar, munnharpe)
- Semon Harerusten (gitar)
- Mathilde Skjæret (hardingfele)