Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Love Your Latency

Kollasj av Ivar Grydeland, Torben Snekkestad og Jan Bang.

I prosjektet Love Your Latency improviserer musikarar saman på tvers av geografiske avstandar.

Remi Angeli, Peer Kugler

På denne konserten speler musikarar i Levinsalen saman med musikarar som oppheld seg i Trondheim og Kristiansand. Parallelt med konserten på NMH, blir den same, eller snarare ein variant av den same konserten, spelt i dei to andre byane. Teknologien gjer samspelet mogleg, samtidig som den tvingar både publikum og musikarar til å tenkje annleis om mellom anna samhald, samspel og «timing».

Det kunstnarlege forskingsprosjektet Love Your Latency omfamnar dei digitale forstyrringane og fantaserer om ei framtidig hybrid konsertform. Prosjektet er eit samarbeid mellom CreaTeME (Senter for framifrå utdanning), Noregs musikkhøgskole, Noregs teknisk-naturvitenskapelege universitet (NTNU), Punktfestivalen og Kilden teater og konserthus i Kristiansand.

Medverkande

På scena i Oslo

  • Torben Snekkestad (treblås og elektronikk)
  • Lene Grenager (cello)
  • Ivar Grydeland (steel-gitar)

På scena i Kristiansand

  • Jan Bang (live-sampling og elektronikk)

På scena i Trondheim

  • Veslemøy Narvesen (trommer)
  • Michael F. Duch (kontrabass)

Fleire konsertar

Publisert: 16. jun. 2024 — Oppdatert: 24. jun. 2024