Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Lutosławski, Buene og Mortensen

Hele orkesteret på scenen i Lindemansalen

Symfoniorkesteret på Musikkhøgskolen speler musikk av Lutosławski, Buene og Mortensen med fiolinsolist Peter Herresthal, på den første av to konsertar.

Karina Ayguavives Krokaa for NMH

Fiolinist og professor ved Norges musikkhøgskole, Peter Herresthal, har i desse dagar dei siste konsertane sine som solist før han gir seg.

Herresthal har spelt med orkester over heile verda, frå Melbourne Symphony med Thomas Adés som dirigent på Melbourne festival til andre sida av verda med Atlanta Symphony, på Nathalie Stützman sin første konsert som ny sjefsdirigent – og det midt i ein pandemi. Fiolinisten har også spelt i Konzerthaus Wien med RSO Wien, og sjølvsagt dei store nordiske orkestra i Oslo, Bergen, Stockholm og København.

– Det er ein av dei finaste fiolinkonsertane som er skrive til meg, seier han om fiolinkonserten til Eivind Buene.

Program

Witold Lutosławski (1913–1994): Mała suita

  • Fujarka (Piccolo)
  • Hurra Polka
  • Pioseka (Song)
  • Tanice (Dance)

Eivind Buene (1973–): Fiolinkonsert

  1. Falling Angels
  2. Sound Asleep
  3. Among Voices of the Dead

Pause

Finn Mortensen (1922–1983): Symfoni, op. 5

  1. Allegro moderato
  2. Adagio
  3. Allegro vivace
  4. Allegro moderato

Medverkande

  • Peter Herresthal (fiolin)
  • Peter Szilvay (dirigent)
  • Musikkhøgskolens symfoniorkester

Meir informasjon

Publisert: 14. jun. 2022 — Oppdatert: 5. des. 2022