Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Magnus Breivik Løvseth: Requiem

Magnus Løvseth sitter på scenen i rødt lys og spiller ruba

Tubaist Magnus Breivik Løvseths masterprosjekt har fått namnet «Requiem».

Médéric Roquesalme

Medverkande

  • Anna Rødevand
  • Eirik Østenstad Sanner
  • Elever fra Musikk på Majorstua
  • Hannah Agnethe Pold
  • Ingrid Mossige
  • Iver Armand Tandsether
  • Janne Eraker
  • Kathrine Kirkeng Oseid
  • Knut Kvifte Nesheim
  • Lars Breivik Løvseth
  • Nora Hannisdal
  • Nora Sjøgren
  • Signe Emmeluth
  • Vegard Staum

Magnus Løvseth om konserten

Denne masterkonserten speilar ein pågåande prosess der eg forsøker å finne meg sjølv som kunstnar. Målet er å finne motstand i både kunsten og i meg sjølv for å kunne vidareutvikle arbeidet mitt innanfor tverrkunstnarleg skaping. Samtidig vil eg finne nye metodar, vinklingar og tankesett som kan berike både meg sjølv og samfunnet. Og sjølv om det er heilt forjævlig kleint å lese det eg akkurat har skrive, så meiner eg kvart einaste ord.

I dette prosjektet ønsker eg å bruke eit spesifikt kulturhistorisk og rikt rammeverk for å kunne bruke dei tunge assosiasjonane som er knytta til formen. Eg håper at rammene kan hjelpe til med å uttrykke noko universelt og nært i oss menneske.

Velkommen til ein halvaftans masterkonsertcollage om tradisjonar, samfunnet og livet. Du vil få presentert eit lappeteppe av alt frå Nono til Dada, video, stepp, kunst, musikk og ikkje minst Åge.

Men ingenting du har høyrt før.

Håper å sjå deg der.

Fleire konsertar

Publisert: 23. nov. 2022 — Oppdatert: 23. nov. 2022