Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Mantiq Al-Tayr: The Conference of the Birds

Tegning av en fugl i lillanyanser.

Ei elektroakustisk reise for kromatisk santur, slagverk, forsterka ensemble, oktofonisk lyd-diffusjon og videoprojisering.

Public domain

Byrjinga er fortapt; slutten strekkjer seg inn i æva.

Ikkje bry deg om dei, dei er alle irrelevante.

Og sidan alt eigentleg er ingenting,

er ingenting verkeleg alt.

(Farid al-Din «Attar» Nishapuri (1145–1221), Fuglanes konferanse. Omsetjing: NMH)

Holografisk komposisjonteknikk

Holografisk komposisjonsteknikk er Idin Samimi Mofakham sitt kunstnarlege utviklingsprosjekt på ph-d.-programmet i kunstnarleg utviklingsarbeid.

Les meir om prosjektet

Omtale

Mantiq Al-Tayr: Fuglanes konferanse er eit mystisk dikt på 4600 linjer, skrive av den persiske 1100-talskomponisten Farid al-Din «Attar» Nishapuri (1145–1221). I meisterverket fortel Attar historia om fuglane i verda, som reiser til jordas høgaste punkt for å finne Sīmorgh, deira ideelle konge og snakke med han. Under leiing av ein hærfugl flyg dei gjennom sju dalar for å nå fram til tilhaldsstaden til Sīmorgh. Kvar dal er symbol på eit stadium av åndeleg oppvakning og har ei metaforisk meining:

  1. Misjonsdalen
  2. Kjærleiksdalen
  3. Kunnskapsdalen
  4. Lausrivingsdalen
  5. Samhaldsdalen
  6. Undringsdalen
  7. Fattigdom- og øydeleggingsdalen

Idin Samimi Mofakham om konserten

Gjennom Mantiq Al-Tayr: fuglanes konferanse inviterer eg lyttarane med på ei mystisk reise inn eit djup av lydar. I min audiovisuelle tolking av denne sufistiske allegorien utforskar eg dei indre og usynlege forholda mellom lydkomponentar og vegen deira mot musikalsk metamorfose og bevisst atterføding. Eg har ein kunstnarleg trang til å lytte og kjenne dei komplekse transformasjonane i korleis tonane er organisert, i ei veldig langsam, men presis sameining av musikalske hendingar. Med dette ønskar eg å atterskape Attar sin allegori av ei reise inn i djupet av sjelen og det å finne sitt sanne sjølv. Ein katarsis på søken etter å rense kjenslene sine.

Idin Samimi Mofakham er stipendiat på ph.d.-programmet for kunstnarleg utvikling. Dette er hans avslutningskonsert.

Medverkande

  • Oslo Sinfonietta
  • Jennifer Torrence (slagverksolist)
  • Mirsaeed Hosseiny Panah (santursolist)
  • Christian Eggen (dirigent)
  • Martyna Kosecka (elektronisk miks og video)
  • Cato Langnes (elektronikk, mastering og lyd-diffusjon, NOTAM)
  • Josh Spear (produsent, Periferien)
  • Lars H. Kurverud (koordinator, NMH)
  • Hanne Rekdal (produsent, OS)

Les intervjua med Idin Samimi Mofakham

Publisert: 10. jun. 2022 — Oppdatert: 18. okt. 2022