Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Meditasjonskonsert

Seshen spiller japanske trommer i Levinsalen

Japanske vokalist og dansar Seshen held masterkonsert med fokus på meditasjon, ro og transformasjon.

Ben Gerstein

I eit roleg og mildt rom gir lydane og bevegelsane oss vibrasjonar som inviterer til å søkke djupt inn i vår eige ro og transformasjon. På denne konserten kallar Seshen på energiane i det årstida nærmar seg vårjamdøgn.

Publikum er velkomne til å ta med seg yogamatter eller puter, skulle dei ønske å sitte på golvet. Det vil òg vere stolar.

Seshen er ein vokalist og dansar frå Japan. Framføringane hennar baserer seg på kunstnarleg forsking som omhandlar forbindelsen mellom natur og kunstnarleg uttrykk i improvisasjon.

Publisert: 25. jul. 2020 — Oppdatert: 12. jan. 2021