Artel Quartet
- Djanay Tulenova (fiolin I)
- Zarina Imayakova (fiolin II)
- Liliya Nigamedzyanova (bratsj I)
- Avri Levitan (lærar og Musethica-ekspert, bratsj II)
- Melchior Saux (cello)
Zorá Quartet
- Dechopol «Top» Kowintaweewat (fiolin I)
- Haruno Sato (fiolin II)
- Julian Sawhill (bratsj I)
- Are Sandbakken (lærar og Musethica-ekspert, bratsj II)
- Zizai Ning (cello)
Omtale
Artel
Artel-kvartetten blei danna i Wien i 2018, og består av musikarar frå Kasakhstan, Russland og Frankrike. Artel-kvartetten har fått namnet sitt etter dei tradisjonelle samanslutningane av arbeidarar og handverkarar som jobbar saman i absolutt likskap i det gamle Russland. Kvartetten foreiner fire musikarar med vidt forskjellig bakgrunn, og har som mål å fremme kulturell dialog mellom øst og vest. Med ein livleg og lidenskapeleg tilnærming til musikk, og eit breitt repertoar, er kvartetten ein av dei nye framgangsrike strykekvartettane i Europa. Kvartetten studerer i Wien under Johannes Meissl og jobbar regelmessig med Oliver Wille og Ebehard Feltz. Artel-kvartetten har vore gjest på prestisjetunge arenaar og debuterte i år på ORF Radiokulturhaus med ei rekkje direktesende konsertar. I sin iver etter å utvikle sitt kunstnarlege uttrykk jobbar kvartetten nært med komponistar og dirigentar. Dei har deltatt på arrangement og meisterklasser over heile verda og jobba med musikarar som mellom anna Günter Pichler, Quatuor Ebène, Jerusalem Quartet, Alastair Tait, Isabelle Charisius, Reinhard Latzko, Tim Vogler, Michael Vogler, Volker Jacobsen, Konstantin Heidrich, Wolfgang Redik, Arbeståe Sandbakken og Avri Levitan.
Zorá
Å finne ei retning i livet er ingen lett oppgåve når ein samtidig prøver å meistre sokalla enkle ting som å spele reint, men for dei fire medlemane i Zorá Quartet var det tidleg klart at strykekvartett er vegen å gå. I 2019 bringa deira «kammermusikkguru» Merry Peckham dei fire musikarane saman, og etter ein kveld med djupe samtalar om Haydn, Mendelssohn og andre livsviktige tema er resten kvartetthistorie.
Zorá er basert i New York, men deltar for tida i ECMAster-programmet her i Europa, der dei tar sine mastergradar i kammermusikk, mens dei bur, rettleiast og opptrer i Oslo, Wien og Paris. Samtidig er dei også Artists-in-Residence ved Queen Elisabeth Music Chapel i Belgia og del av Le Dimore del Quartetto i Italia. Alle solemerke tyder på at Zorá har ein stor karriere foran seg, og musiseringa deira har mellom anna blitt omtala i smigrande ordelag som «melting sound and affecting impetuosity» av the New York Times. Zorá Quartet består av Dechopol «Top» Kowintaweewat (fiolin), Haruno Sato (fiolin), Julian Sawhill (bratsj) og Zizai Ning (cello), og til saman representerer dei landa USA, Thailand, Japan, Marokko og Kina.