Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

RÅ!

Plakat til RÅ 2022, med turkise og grønne mønster bak. Teksten informerer om tid, sted og medvirkende.

Rå! er konsertserien av og med studentar ved Norges musikkhøgskole. Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolen sine krikar og krokar.

Una Venaas og Remi Angeli

Her vil du høyre alt frå godt etablerte band til det ferskaste rett frå øvingsrommet. Det vil bli nye konstellasjonar eksklusivt for konsertserien, og samarbeidsprosjekt på tvers av kunstartar. Kom for å oppleve fersk musikk, drikk gratis kaffi og høyr dei nyaste banda før dei slepp ut av dørene.

Program

Uniah

Musikken er basert på eigne draumar, mareritt og søvnparalysar – og ein stor fascinasjon for det surrealistiske. Konserten er ein eksamen for 1. avdeling på FRIKA, og Una Aurora Sand Venås sitt hovudprosjekt, Uniah, si første visning.

Ivar Grydeland & Christian Wallumrød

Samarbeidet mellom Ivar Grydeland (pedal steel-gitar) og Christian Wallumrød (flygel) er tufta på mange år med samspel, og eit behov for stadig utforsking av nye musikalske område. Duoen speler saman i improvisasjonsensemblet Dans les arbres, som har laga ei rekkje plater og turnert kontinuerleg over ein 15-årsperiode. Duosamarbeidet blei starta i 2019 og tar utgangspunkt i dobbelhalsa pedal steel-gitar og flygel, og ønsket om å grave djupt i moglegheitane som bur i kombinasjonen av desse rikhaldige strengeinstrumenta: Eit plukke-instrument og eit hammar-instrument, med eit stort, felles toneregister. Duoen forsøker å sjå på den litt uortodokse kombinasjonen frå fleire vinklar, og har tolka musikk for andre besetningar, for eksempel Henry Purcells «Fantazia nr. 3» og Morton Feldmans «Two Pianos» som ein metode for å genere materiale for eigne improvisasjonar.

Fleire konsertar

Publisert: 13. jun. 2022 — Oppdatert: 22. nov. 2022