Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music
No En
Søk

Jon Balkes spektrafon – solo

Komponist og jazzmusikar Jon Balke presenterer sitt spektrafonprosjekt, denne gongen i soloformat.

Program

Spektrafonen er ei utviding av solopianoformatet med eit spesialutvikla lydsystem av Anders Tveit og Jon Balke. Spektrafonen «løftar» frekvensar ut av pianolyden og projiserer dei rundt i rommet. I Levinsalen blir eit høgtalaroppsett med åtte aktive fulltone-høgtalarar spreidd ut langs veggane rundt publikum.

Konserten er den første presentasjonen av konseptet, som kan utvikle seg til å bli eit verktøy for alle slags instrumentalistar og songarar.

Fleire konsertar

Publisert: 14. jun. 2022 — Oppdatert: 27. jul. 2022