I det 21. hundreår er musikarkroppen kome heilt fram i det musikalske scenelyset, der den blir aktivert på mangfaldige måtar gjennom rørsle, dans, mimikk, berøring, tekstframsyning, song, rop, skrik og andre lydar. Denne allsidige bruken av kroppen som uttrykksmiddel tilfører heilt nye område til musikaren sitt verkefelt og stiller tilsvarande nye krav og utfordringar til både innstudering og oppføring.
Ved desse to forskellige konsertane presenterer akordeonist Andreas Borregaard dei kunstnarlege resultata frå sitt ph.d.-prosjekt ved NMH, «Just Do It – Exploring the Musician’s Use of Bodily Performance».
Program
- Marcela Lucatelli (1988–): Drift
- James Black (1990–): Piece About Everything
Pause
- Jennifer Walshe (1974–): SELF-CARE