Stykka på konserten er innspelingar av nokre av verka som har blitt til gjennom Rebne sitt mangeårige FoU-prosjekt på NMH. I prosjektet har Rebne tatt for seg stykke frå dei siste 20 åra, og undersøkt sine eigne komposisjonsstrategiar og -teknikkar. Gjennom ei slags arkeologisk tilnærming ved å studere prosessane og skissematerialet til dei enkelte stykka, har Rebne utvikla og bygd vidare på teknikkane til kvart enkelt stykke. Slik har dei eldre stykka blitt forfina og raffinerte fram til dagens versjonar. Erfaringa frå studia av eigne komposisjonsteknikkar har Rebne tatt med seg inn i nye stykke slik som er tilfelle med Eeveeu for barokkfele og elektronikk, som er gjort i samarbeid med Ludvig Elblaus. I februar 2025 leverte Rune Rebne i alt 22 reviderte og nye stykke til NB noter.
Nokre av stykka er spelte inn, og kveldens konsert inneheld alle stykka frå utgivinga «Vegom» frå Aurora Records, og to stykke frå utgivinga «Systkin» frå Ophus Records. På sistnemnde plate har eit solo fiolinstykke ved namn «Solosooade» vandra over til versjon for hardingfele som Rebne har gjort i samarbeid med Håkon Høgemo, og ein versjon for slåttetromme der Kjell Tore Innervik har gjort sin versjon av fiolinstykket. Dette er òg ein del av Rebnes FoU-prosjekt, som har dreidd seg om å gjere versjonar av same stykke for ulike instrumentkombinasjonar.
Velkommen på konsert!