Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Konsertserien: SE OPP! #7: Jazz og klassisk blås

SE OPP er ein konsertserie som viser unge musikkelevar frå ulike talentprogram i regionen. Ungdom frå programma Unge Talentar ved Barratt Due og Talentutviklingsprogrammet (TUP) ved Noregs musikkhøgskole arrangerer konsertane.

Milad Gholami

På vårens første konsert i serien SE OPP møter vi elevar på klassisk blås involvert i samarbeidsprosjektet mellom Barratt Due Unge Talentar og Chetham's School of Music i Manchester. Vi får også innslag frå elevar på TUP klassisk (blås) og TUP jazz, samt Ungdommens Improorkester (Østnorsk Jazzsenter).

Det blir musikk-quiz undervegs med quiz-meistrane Martha Hertaas og Helene Ingeborg Klaveness, og jam-session etter konserten leia av konferansierane Jakob Bakkevoll og Petter Lerdalen.

Program

Treblås-kvartett frå TUP speler «Jazz-suite» av Joseph Horovitz

  • Emilija Kleinberga, Sverre Reinboth (fløyte)
  • Hichuunga Hamududu, Amalie Olstad Wiklund (klarinett)

Messingensemblet frå TUP speler «Tre Folketonar» (arr. Petter Winroth)

  • Adrian Dalgeir Engan, Torgeir Larsen Haarr, Gjermund Eliassen (trompet)
  • Erling Dahl (eufonium)
  • Peder Møklegaard, Bjørn Mikkelsen (trombone)
  • Sander Lislott, Sigurd Traaseth Skogvang, Magnhild Klagegg (horn)
  • Håkon Ødegård (tuba)

Jazzduo frå TUP speler Madness av Sonny Rollins

  • Petter Lerdalen (gitar)
  • Jakob Bakkevoll (kontrabass)

Blås frå Barratt Due og Chetham School of Music

  • Variations sur un theme libre for blåsekvintett av Eugene Bozza
  • Suite Americana for Messingkvintett av Enrique Crespo
  • Swans Reflecting Elephant for messing- og blåsekvintett av Marcus Paus

Utøvarar: Clara Hubbard, Maria Sanderson, Henry Smith-Unwin, Lucy York, George Hughes, Odin Andersen, Håvard Breistein; Martha Egerdahl Hertaas, Victoria Holst Grong, Jonathan Mikkelborg

Ungdommens Improorkester speler «Dirge til naturen» av Henriette Eilertsen

  • Ana-Sofia Havn (fløyte)
  • Elinor Placucci (saksofon)
  • Aaron Michael Svane-Gyring (klarinett)
  • Micah Warberg, Andreas Magnussen, Ebla Harun (trompet)
  • Alfred Dalskog Beisland (tuba)
  • Sigurd Eliassen Nagel (piano)
  • Lina Vindenes (vibrafon)
  • Amund Mogensen, Ida Dørmænen Irgens (bass)
  • Jonatan Frøy Storsve Haugstveit (trommer)

Etter konserten

  • Frå kl. 19:15: Quiz med quiz-meistrane Martha Hertaas og Helene Ingeborg Klaveness
  • Frå kl. 19:30: Jamsession med jam-meistrane Petter Lerdalen og Jakob Bakkevoll

Meir om SE OPP!

Konsertserien ønsker å fremme talentelevar innan sjangrane klassisk, jazz og folkemusikk, og målet med prosjektet er å skape ein arena der elevar frå dei ulike talentprogramma får ein felles møteplass der dei får konserterfaring, opptrer for kvarandre, inspirerer kvarandre og blir betre kjende.

Konsertane varer i ca. ein time og foregår i Marmorsalen på Sentralen. Det leggjast til rette for brettspel, quiz, jam-sessions og mingling i etterkant av konsertane.

Vi samarbeider også med andre aktørar innan musikktalentarbeid: Østnorsk Jazzsenter, Kråkstad jazz, Talentelevane UngMusikk m.fl.

Målgruppe

Unge musikarar mellom 13 og 19 år frå ulike talentprogram i Oslo-regionen, samt ungdom generelt.

Målet for arrangementet

Vere ein felles møteplass for ungdom som sjølv opptrer på scena, høyrer på kvarandre spele, og blir betre kjende.

Ansvarlege

  • Arrangementskomiteen: Elevar frå TUP og Unge Talentar Barratt Due
  • NMH: Cecilie Giskemo
  • BDM: Torfinn Hoffart
  • Sentralen Ung

Fleire konsertar

Publisert: 20. sep. 2023 — Oppdatert: 2. mar. 2024