Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Serendip: Du vet at du intet vet

Bandbilde av Du vet at du intet vet som står på scenen foran stort sceneteppe, med Serendip-grafikk.

Du vet at du intet vet er ein trio med røter frå jazzlina ved Griegakademiet i Bergen.

Den uvanlege samansetnaden av gitar, mellofon og hardingfele opnar for eit spanande lydlandskap, forsterka av OP-1 synth, effektpedalar og innslag av vokalmusikk. Improvisasjonen blir tidvis henta inn og hekta opp av riff og figurar som kan minne om både jazz, folkemusikk og blues. Me veit at me ikkje veit heilt kva musikken er for noko. Kom på konsert så kan du jo finne ut sjølv?

Medverkande

  • Martin Borge (gitar, OP-1 synth og vokal)
  • Vemund Styve (mellofon og vokal)
  • Symre Taugbøl Bang (hardingfele og vokal)

Publisert: 22. jan. 2024 — Oppdatert: 7. feb. 2024