Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Øystein Stensheim og Tomas Laukvik Nannestad (song og gitar)

Portrett av Øystein Steinsheim i dress og svart-hvitt.

Songar Øystein Steinsheim og gitarist Tomas Laukvik Nannestad speler masterkonsert med musikk av Henze, Eriksrud og Mahler.

Kristianne Marøy

Program

Hans Werner Henze (1926–2012):

Kammermusik 1958:

  • Drei fragmente nach Hölderlin (gitar og song)
  • Drei tentos (gitar)

Simone Eriksrud (1971–):

Blå, Blue, Bläue – eit kommentarverk

Gustav Mahler (1860–1911):

Fra Des Knaben Wunderhorn og 2. symfoni, 4. sats

Urlicht – i tre stadium arrangert for song og gitar/teorbe/el-gitar:

  • Gitar og song (E)
  • Teorbe og song (Eb)
  • El-gitar og song (F)

Omtale

Øystein Stensheim om konserten

Komposisjonen til Hans Werners Henze er for meg eit mysterium. Gravitasjonslaus musikk med ubegripelege linjer som treffer meg så hardt. Men eg forstår likevel så lite. Kva vil denne musikken? Eg ønsker å skjøne meir. Sansane mine leiter etter svar, men musikken forfører og leiar meg inn på smale stiar. Eg går meg fort vill.

Eg ønskjer å gje meg sjølv og publikum ei moglegheit til å forstå, om så berre for eit lite augeblikk. Kva kan eg gjere for å avdekkje meir, og gje oss ei openberring?

Simone Eriksrud er ein av landets beste låtskrivarar. Ho er ein historieforteljar med sans for opne klangar. Kanskje sit ho med nøkkelen, kanskje kan ho ta oss nærmare sannleiken gjennom kommentarverket sitt.

Konserten blir ramma inn av tre arrangement av Gustav Mahler sin «Urlicht», arrangert for song og gitar, teorbe og el-gitar. I motsetjing til Henze, som har skrive eit svært intenst verk blotta for fotfeste, vil eg forsøkje å skape noko som kjennast kjent, ein heim å vende attende til, for å skilje mellom det som var ein draum og det som verkar meir virkeleg. Ved å gjenta komposisjon til Mahler fleire gongar håpar eg på å danne ei felles plattform for meg og publikum, som vi kan finne saman på.

Målet mitt er å opne musikken til Henze enda meir, ved hjelp av den konkrete historieforteljinga til Eriksrud og Gustav Mahler sitt kjende, menneskeleggjerande tonespråk om fortviling og håp.

Tomas Laukvik Nannestad

Tomas Laukvik Nannestad er ein norsk gitarist og luttenist. Han er ein aktiv musikar i mellom anna ensemblet Bislet Barokk og samarbeider med fleire nordiske komponistar. Med tidlegmusikk og samtidsmusikk som hovedfokus trakterer han eit vidt arsenal av instrumentar, frå historiske lutt-instrumentar, via den klassiske gitaren, til el-gitar og bass. Tomas har sin bachelor fra Noregs musikkhøgskole i Oslo og tar no master i utøving og musikkforsking ved same institusjon.

Øystein Stensheim

Øystein Stensheim begynte sine songstudium på talentprogrammet for unge musikarar ved konservatoriet i Stavanger, og seinare ved Norges musikkhøgskole, der han fullførte sin bachelor våren 2013.

Øystein har sidan den gong opparbeida seg eit solid konsertrepertoar, både som solist og ensemblesongar. Han er ein svært ettertrakta tenor og opptrer jamnleg med andre profesjonelle ensemble i Noreg. Han blei fast medlem i Det Norske Solistkor i 2012.

Som konsertsolist framfører han stadig verk av Bach, Mozart, Schubert og Haydn, og han har vore med på ei rekkje kritikarrosa CD-innspelingar. Øystein opererer i et breitt spekter av forskjellige musikalske og kunstnarlege uttrykk. Han er fast medlem i Early Voices – ein vokalkvintett som utforskar linjene mellom tidlegmusikk, folkemusikk og samtidsmusikk.

I 2021 er han aktuell med sine masterstudium ved Norges musikkhøgskole, der han utforskar stemmebruk i eit sjangeroverskridande musikalsk virke. Han studerer hos Ann Helen Moen.

Fleire konsertar

Publisert: 10. jun. 2022 — Oppdatert: 28. jul. 2022