På høgfjellet bur det mange snodige dyr. Moskusen med sin bautasteinaktige framtoning, lirypa med sitt gurglande lokkerop, og snøugla som lydlaust sveiper med seg byttet sitt. Korleis kan det høyrast ut om ein prøver å lage musikk om desse skapningane? Eit blanda ensemble med 14 unge musikarar og komponistane Åsmund Waage og Åsmund Dahlin Johansen leiter etter svar – kom til Levinsalen for å høyre resultatet.
Biletet er inspirert av Theodor Kittelsen si kjende teikning, «Tre ekorn i flukt». Musikken er skriven av Åsmund Dahlin Johansen og Åsmund Skjeldal Waage, og ensemblet består mellom anna av NMH-studentar frå klassisk, jazz, pedagogikk og det frie kandidatstudiet (FRIKA).