Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

RÅ!

Øystein Folkedal med band og Helge Lien solo speler på haustens første RÅ!

Program

Øystein Folkedal Fusionband

Øystein Folkedal (diverse keys) og hans fusionband speler konsert med eigen musikk på Musikkhøgskolen på fredag. Han har med seg megadyktige folk: Cornelius Odegard Risberg (gitar), Mikkel Bjørneboe (bass), Åsmund Skjeldal Waage (vibrafon), Jon Espelid (trommer) og Tobias Rønnevig (perkusjon).

Omtale

RÅ! er konsertserien av og med studentar ved Norges musikkhøgskole. Vi gir deg konsertar i ulike sjangrar, og viser fram noko av det mest spennande som skjuler seg i skolen sine krikar og krokar.Her vil du høyre alt frå godt etablerte band til det ferskaste rett frå øvingsrommet. Det vil bli nye konstellasjonar eksklusivt for konsertserien, og samarbeidsprosjekt på tvers av kunstartar. Kom for å oppleve fersk musikk, drikk gratis kaffi og høyr dei nyaste banda før dei slepp ut av dørene.

Fleire konsertar

Publisert: 13. jun. 2022 — Oppdatert: 26. okt. 2022