Wolfgang Amadeus Mozart (1756–1791): Paris-symfoni i C-dur (arr. Carl Andreas Goepfert)
- Allegro assai
- Andante
- Allegro
Joseph Haydn (1732–1809): Symfoni nr. 92 i G-dur, «Oxford» (arr. Joseph Triebensee)
- Adagio – Allegro spiritoso
- Adagio
- Menuetto
- Presto
Pause
Ludwig van Beethoven (1770–1827): Symfoni nr. 1 (arr. Georg Schmitt)
- Adagio molto – Allegro con brio
- Andante cantabile con moto
- Menuetto: Allegro molto e vivace
- Adagio – Allegro molto e vivace
Omtale
I den vestlege kunstmusikken har transkripsjon av ulike typar verk alltid vore normal praksis. Komponistane har ofte sjølve gitt ut verk i ulike versjonar og for forskjellige besetningar.
I Noreg har det for eksempel vore ein sterk tradisjon for tilrettelegging av både operaer og symfonisk musikk for blåsarane i profesjonelle militærkorps og amatørkorps. Rundt år 1800 var det i Wien svært populært å tilpasse musikk for dei mange og svært populære harmoniensembla som fleire av hoffa i byen heldt seg med.
Mozart transkriberte sjølv operaen «Bortførelsen fra Seraillet» for harmoniensemble, og han gav for eksempel ut Serenade i c-moll først for harmoniensemble og deretter for strykekvintett. Beethoven sin 7. symfoni blei gitt ut i eit utal versjonar: symfoniorkester, harmoniensemble, klaver, firhendig klaver, fløyte og gitar etc.
Joseph Triebensee, som var oboist og kapellmeister for fyrsten av Lichtensteins harmoniensemble i Wien, transkriberte over 80 operaer for harmoniensemble. Desse operaene transkriberte han fortløpande slik at dei faktisk speglar urframføringane som fann stad i Wien i ein gitt periode.
Oslo Kammerakademi har hatt ein forkjærleik for symfoniar i kammerformat sidan suksessen med utgivinga av debutalbumet med Beethovens 7. symfoni i 2012.