Etter over eit år utan korpsmusikk på NMH kjem vi no sterkt attende! Med konserten «The Great Comeback» ønsker Christiania Blåseensemble gjennom eit variert og spanande repertoar å vise at god korpsmusikk er mykje meir enn marsjar på 17. mai. På denne konserten får publikum høyre verk som kan få fram både tårer, latter og sinne. Det blir ein konsert fylt med perler skrivne spesielt for korps, og nokre korpsarrangement. Kom å bli med når korpsklangen igjen fyller Musikkhøgskolen.
Program
- Johan Halvorsen (1864–1935): Norsk rapsodi nr. 1 (inst. Stig Nordhagen)
- Percy Grainger (1882–1961): Lincolnshire Posy
- Samuel Barber (1910–1981): Commando March
- John Barnes Chance (1932–1972): Elegy
- Dmitrij Sjostakovitsj (1906–1975): Festive overture (arr. Donald Hunsberger)
- Eric Whitacre (1970–): October
- Fats Waller (1904–1943): Stealing Apples (arr. Reid Gilje)
- Paul Hart (1954–): Cartoon