Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Bygg og fasi­li­te­tar

Noregs musikkhøgskole består av to moderne spesialbygg. 1. hus og 2. hus er blant Europas mest veleigna lokale for musikkutøving og -studium.

Bygget til Musikkhøgskolen i skumringen. Alle vinduene er lyst opp og bakken er dekket av snø.
Foto: Jiri Havran

Bygga våre

1. hus

Norges musikkhøgskole fekk sitt eige bygg på Majorstua i 1989, eit bygg med strenge krav til akustikk og tekniske installasjonar. Huset har ein kammersal (Levinsalen) for inntil 120 sitteplassar og ein moderne utstyrt, amfiforma konsertsal (Lindemansalen) med 365 faste sitteplassar og sceneareal for eit symfoniorkester med kor. Finn teknisk informasjon om dei to salane.

Både Lindemansalen og Sandvoldsalen med 50 sitteplasser har store orgel.

Bygget har bibliotek, kantine og avanserte lydtekniske rom med innspelingsstudio, arbeids-, undervisnings- og øverom. Skolen har Noregs største flygeltettheit, mange slagverksinstrument, og instrument og utstyr for jazz og elektronisk musikk. Ein lang rekkje spesialinstrument, periodiske instrument og delar frå Musikkhøgskolens historiske instrumentsamling kan du sjå i biblioteket.

2. hus

I januar 2007 kunne alle dei tilsette og studentane på Musikkhøgskolen samlast på Majorstua, då nybygget var klårt for innflytting. Tilbygget omfattar dei fleste typar rom, undervisningsrom, auditorium for 100 personar, lærarkontor, øverom mv. Musikkhøgskolen fekk med det nye bygget og spesialrom for forsterka musikk.

Tilgang og universell utforming

Bygga våre har ulik grad av tilrettelegging for folk med funksjonshemmingar.

På nettsida «Bygg for alle» finn du ei oversikt over romma våre, der du òg kan søke i tilgang for svaksynte, blinde, hørselshemma, døve, rullestolbrukarar, eller folk med andre rørslehemmingar.

Utsmykking

Kunstverka i 1. hus har høgskolen fått i samarbeid med Utsmykkingsfondet for offentlege bygg. Det er Paul Brandts "Kontrapunkt" - eit veggrelieff i kantina inspirert av Bachs "Die Kunst der Fuge", "Svevende prismer" av Carl Nesjar i foajeen, eit maleri av Therese Nortvedt og ein bildevev i tekstil og kopper av Ellen Lenvik i trappa ned mot kjellaren. Lindemans Legat ga midler til eit relieff i kvit marmor "Hexachord" av Knut Steen (Lindemansalen).

Utsmykkinga i 2. hus står kunstnaren Kathrine Giæver (foto) for. Det er eit stort fresco-maleri som går over fleire etasjer ved Auditoriet. Ho har og utforma kunstverka ved og på glassbrua, mellom husa.

Publisert: 20. mar. 2020 — Oppdatert: 18. mar. 2024