Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Musikk­høg­sko­lens his­to­ris­ke instru­ment­sam­ling

Noregs musikkhøgskole disponerer ei av landets finaste samlingar med historiske musikkinstrument. Samlinga består av ca. 460 gjenstandar og kjem frå Trygve Lindemans og Olav Gurvins private samlingar.

Historikk

Musikkhøgskolen er ikkje eit museum, men denne spennande arva frå fortida er vi glade for å ta vare på.

I 1971 kontakta direktør Trygve Lindeman, Musikkonservatoriet i Oslo, og professor Olav Gurvin, Universitetet i Oslo, Oslo kommune om overdraging av deira store og viktige samlingar av musikkinstrument. Kommunens kulturutval uttalte at instrumenta «burde høre hjemme i en fremtidig høgskole for musikk». Gurvins samling blei lagra i Oslo Ladegård, og Lindemans samling blei oppbevart og stilt ut i Musikkonservatoriets, seinare Musikkhøgskolens, lokale i Nordahl Bruns gate 8. I 1975 tok professor Owain Edwards initiativ til oppnemning av eit utval som skulle undersøke moglegheiter for eigna oppbevaring, katalogisering og restaurering av instrumenta.

Det blei innreidd høvelege lokale til lagring av instrumenta i Universitetsgata. Då Musikkhøgskolen flytta til Majorstua i 1989, fekk størstedelen av Lindemans samling plass i magasinet i kjellaren. Dei store instrumenta og Gurvins samling blei lagra på Norsk Folkemuseum, Bygdøy.

Utstilling

Med det nye bygget på Majorstua kunne vi gjere samlinga meir tilgjengeleg. Den første utstillinga blei åpna i 1996. Vi har valt å stille ut europeiske, asiatiske og afrikanske instrument frå slutten av 1600-talet fram til 1900-talet. 10 mindre montrar står inne i biblioteket i 2. etasje, og eit større monter i gongen utanføre. I korridoren ved undervisningsromma i 2. etasje finst tre store montrar. Dei instrumenta som ikkje er utstilt er lagra i eit magasin i kjellaren.

Katalog

Nedst på skilta i montrane står eit inventarnummer som viser til opplysingar om instrumentets historie, alder, mål, tilstand osv. Gjenstandane som opphavleg kom frå Lindemans samling er merka med MH-L og inventarnummer. Instrumenta frå Gurvins samling er merka med MH-G og det som har kome til seinare er merka med MH. Gurvins samling blei katalogisert av Peter Andreas Kjeldsberg frå Ringve Museum våren 1976. Seinare utarbeida han også ein manuell katalog over Lindemans instrumentsamling. Katalogane blei seinare samla og digitalisert av Hans Olav Gorset, og finst i biblioteket.

Statsbygg og Lindemans Legat har bidratt til finansieringa av utstillinga. Montra i korridoren i 2. etasje er tegna av Arkitektgruppen lille frøen A/S ved Einar Soglo og utført av Svenningsen Snekkerverksted. Instrumenta er montert av utstillingsarkitekt Toril Mugaas og Hans Olav Gorset med god hjelp av Norsk Teknisk Museum.

Kontakt

Publisert: 15. jun. 2020 — Oppdatert: 9. apr. 2024