Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

August Schieldrop vann Equinors talentstipend

Portrett av August Schieldrop, utendørs

Tubaisten frå Oslo har som mål å vise at tubaen kan syngje. Slikt blir det stipend av.

Tysdag 30. november tok NMH-student August Schieldrop imot Equinors talentstipend i klassisk musikk, verdt ein million kroner. Det er eit av dei største stipenda i sitt slag i Noreg.

– Det er vanskeleg å tørke av det smilet her, det er dette som gjer at eg verkeleg kan nå det neste steget, sa hovudpersonen til NRK etter utdelinga.

Sjå videosnutt frå utdelinga nedst i saka.

Sin unge alder til tross har 22-åringen spelt saman med fleire av dei største namna i Noreg, som pianist Leif Ove Andsnes, Kringkastingsorkesteret og Oslo-Filharmonien.

Han er fast bestemd på å vise at tuben også er ein solist, sjølv det ikkje er det instrumentet er mest kjend som. Då må Schieldrop sjølv gjere nybrottsarbeidet.

– Eg kjem til å bruke mykje av pengane på å få skrive ny musikk. Og så har eg veldig lyst til å spele inn plate, då, sa han tysdag kveld.

Det er ikkje fyrste gongen han tråkkar opp nye stiar. Under Festspillene i Bergen i sommar sto han for intet mindre enn to urframføringar, og i oktober hadde han med seg Oslo-Filharmonien på urframføringa av ein spesialbestilt tubakonsert, komponert av Marcus Paus.

Schieldrop trakk det lengste strået i konkurranse med to andre, svært sterke, musikarar: Ludvig Gudim (fiolin) og Amalie Stalheim (cello).

Artikler relevante