Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Høyringssvar: Musikk og kunstfag er ein del av forskingssystemet

Illustrasjonsbilde. Et notestativ hvor det ligger et åpent pennal, en mikser og en åpen notatbok med utydelig skrift.

Høyringssvar frå Noregs musikkhøgskole til arbeidet med systemmeldinga, melding til Stortinget om forskingssystemet.

Vi set pris på at regjeringa prioriterer forsking og legg til grunn at meldinga også vil omfatte kunstnarisk utviklingsarbeid som er lovfesta på lik linje med vitskapleg forsking.

Frå Noregs musikkhøgskole vil vi løfte fram potensialet både i kunstnarisk utviklingsarbeid og vitskapleg forsking som tar føre seg kunst og kulturaktivitet som ein ressurs for heile samfunnet. Kunstnarisk kompetanse og innovasjonskraft er sårbare, men kan vere ein ressurs i møte med den rivande teknologiske utvikinga og dei store utfordringane i samfunnet innan mellom anna helse, utdanning og internasjonalt samkvem som landet står overfor i dag.

Vi vil i dette innspelet trekkje fram nokre område der musikk og kunstfag kan bidra til metodisk, tematisk og tverrfagleg rikdom i forskingssystemet.

Vi står i eit gjennomgripande digitalt teknologiskifte

Frå NMH si side ser vi at det gjennomgripande digitale teknologiskiftet vil påverke utdanningane våre og felta og bransjane vi utdannar til. Kva for konsekvensar kunstig intelligens får for oss er p. t. vanskeleg å ha full oversikt over, men vi anar alt konturane av ei tid der både musikkutdanning, produksjon av musikk og musikkutøving vil bli påverka.

Her ser vi både kreativt potensial i møte mellom maskinane og det menneskelege og særlege utfordringar. Digital infrastruktur som støttar opp om ei positiv utvikling innan musikk- og kunstutdanning, forsking og formidling ser vi på som svært viktig.

I tillegg er det vesentleg at immaterielle rettar blir sikra og at skapande og utøvande kunstnarar blir sikra vern frå å bli utnytta i ein situasjon der politikken og lovverket ser ut til å henge etter den teknologiske utviklinga.

Kunstnarisk kompetanse og innovasjonskraft er sårbare, men kan vere ein ressurs i møte med den rivande teknologiske utvikinga og dei store utfordringane i samfunnet.

Høyringssvar frå NMH
Astrid Kvalbein iført rektorkjede, ser alvorlig i kamera

Vi står i ein ny geopolitisk situasjon

Under dette punktet vil vi berre kort vise til korleis i kunst og kultur generelt har ein funksjon i kommunikasjon og samkvem mellom nasjonar, ofte som ei samlande og samanbindande kraft.

Å halde oppe kompetanse på dette området gjennom forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid, er ein måte å sikre treffsikker og trygg bruk også av slike verkemiddel i internasjonale relasjonar.

Kunnskap må takast raskare i bruk

NMH har tette koplingar mot bransje og avtakarfelt, og opplever generelt at forskingsresultat relativt raskt blir tatt i bruk, både i form av utøvande og skapande kunst og systematisk forsking på musikk i undervising og frivillig musikkliv og innan helse.

Gjennom den pågåande strategiprosessen til NMH får vi samtidig signal frå avtakarfelta og dei eksterne interessentane at vi endå større grad kan samarbeide om å utvikle og gjennomføre prosjekt innan forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid og med å ta forsking i bruk. Dette vil vi følgje opp i utforminga av strategien for perioden 2025 – 2035.

Vi ser at NMH har ei viktig nasjonal oppgåve som knutepunkt for forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid innan fagområdet musikk. Å syte for at forskingsresultat kjem ut i lokale grunn- og kulturskolar og andre fora der musikk står i sentrum, er ei sentral oppgåve.

Innanfor musikk og helse og musikkterapi vil vi vise til deltakinga i kunnskapsklynga Polyfon, som koplar utdannings- og forskingsinstitusjonar, kommunar/fylkeskommunar og helseføretak med sikte på effektiv utveksling mellom kunnskapsproduksjonen og praksisfelta.

Internasjonalt ser vi òg at NMH med sine ressursar og kompetanse innan musikkfagleg forsking og kunstnarisk utviklingsarbeid kan ha ei leiande rolle. Her vil vi særleg trekkje fram den nye europeiske universitetsalliansen IN.TUNE, der målet er å få til eit felles utgangspunkt for fagleg utvikling innan fagområda våre saman med sju av dei andre viktigaste musikkutdanningsinstitusjonane i Europa.

Oppdragsmarknaden er i endring

Den samfunnsøkonomiske verdien av kunst og kultur er i liten grad talfesta og forska på i Noreg. Her vil vi kort peike på at det ligg potensial i institusjonar som NMH for oppdrag frå aktørar med kommersielle musklar, til dømes innanfor strøymetenester og andre former for musikkbruk i kvardagen.

Den samfunnsøkonomiske verdien av kunst og kultur er i liten grad talfesta og forska på i Noreg.

Høyringssvar frå NMH
Kristel Skorge ser alvorlig i kamera

Behovet for tverrsektoriell samordning aukar

Forskingsmiljøa på musikkhøgskolen har tett samarbeid med utdanningssektoren generelt og mot helse for alle aldersgrupper (barn, unge og ikkje minst den aukande eldre delen av folket). Men innanfor kunstnarisk utviklingsarbeid (KU) er posisjonen svekt i og med nedlegginga av Program for kunstnarisk utviklingsarbeid (PKU) frå 2024.

Ein nasjonal konkurransearena som styrkjer kvalitet og stimulerer til samarbeid mellom institusjonar og ulike (kunst)fag, er vesentleg for kunstnarisk utviklingsarbeid (KU) på linje med forsking og i samspel med anna forsking. Vi vil oppfordre til nytenking på dette området, til dømes ved at KU blir lagt til porteføljen til forskingsrådet etter ei nærare utgreiing.

Det er også gode grunnar til å sjå nærmare på samarbeid med andre departement, særleg kulturdepartementet.

Helsing Astrid Kvalbein (rektor) og Kristel Skorge (direktør)

Noregs musikkhøgskole

Artikler relevante