Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Må kunstutdanningane stengje verda ute?

Rektorer på NMH, KHiO og AHO står ved grå betongvegg: Astrid Kvalbein, Markus Degerman og Irene Alma Lønne.

Honnørord som kvalitet, konkurransekraft og innovasjon blir hole i møte med den nye studieavgifta for studentar frå utanfor EØS-området. Vil Stortinget verkeleg innføre dette tiltaket i all hast, til skade ikkje minst for kreative utdanningar?

Som rektorar ved Musikkhøgskolen, Arkitektur- og designhøgskolen og Kunsthøgskolen i Oslo, er vi urolege. Vi har vore det sidan Stortinget i desember, etter forslag frå regjeringa, gjekk inn for å innføre avgifta. Gjennom dei siste månadene har det så blitt rekna i heile universitets- og høgskolesektoren, ut frå instruks frå minister for forsking og høgare utdanning, Ola Borten Moe, på kva det vil koste for studentar frå utanfor EØS og Sveits å betale for utdanning i Noreg. Vi har vore nøydde til å rekne fort. Og det blir dyrt.

Særleg ille blir det for kunst- musikk- og arkitekturfag. Om avgifta for studia våre skal følgje kravet om å vere «kostnadsdekkjande», må vi setje prisen på mellom 350 000 og 500 000 kroner i året. Det er mellom dobbelt og tre gongar så mykje som for tilsvarande studium i Sverige og Danmark. I Sverige ligg tilsvarande avgifter på mellom ca. 210.000 og 260.000, i Danmark mellom ca. 100.000 og 150 000. I Finland, Belgia og Nederland er snittet ca. 182.000. Same kva viser erfaringane frå nabolanda våre, som har innførte studieavgifter for nokre år sidan, at dei har mista 80 prosent av studentane frå utanfor EU/EØS. Sjølv om dei, i motsetnad til oss, fekk to år på å innføre avgifta og tid til å etablere stipendordningar som kan kompensere for noko av tapet.

Vi priser oss altså ut, og no er vi i ferd med å sjå konsekvensane.

Mister dei fleste

Frå Norges musikkhøgskole blei det nyleg sendt ut tilbod om studieplass til eit nytt kull masterstudentar. Av dei er over ti prosent frå utanfor EØS-området, og dei ligg slåande høgt oppe på rangeringane på så å seie alle studium, frå klassisk fiolin og klaver til skapande og improvisasjonsbaserte program. Så seint som veka før opptaksprøvene fekk søkjarane melding om at dei måtte stille rundt ein halv million kroner til rådvelde før dei kan starte i Oslo. Alt tyder på at vi mister dei aller fleste. Samtidig veit vi at det er norske musikkstudentar på eit utal institusjonar rundt om i verda, med varierande støtte frå stipendordningar i heimlandet.

Arkitektur- og designhøgskolen (AHO) er i same situasjon. Studentar frå utanfor EØS har no fått informasjon om at skolen vil krevje 365.500 kroner i studieavgift. Tala frå inntaket til den internasjonale masteren i landskapsarkitektur viser at AHO med dette mister svært mange søkjarar frå spesielt Kina, India, USA og Storbritannia. Årsaka er studieavgifta. All erfaring viser at dette er svært høgt kvalifiserte studentar som alltid er med på å heve det faglege nivået på høgskolen.

Kunsthøgskolen står midt i dei praktiske opptaksprøvene som avgjer kven som kjem inn. På KHiO er studentane frå land utanfor EØS-området i høg grad medverkande til dei gode resultata på alle fagområde. Eit bevis på dette er att mange blir verande i Noreg etter studiet, og går inn eit i profesjonelt virke i institusjonane og norsk kunst- og kulturliv. Når studieavgiftene blir innført, kjem de i til å bli så høge at dei praksis stengjer den aktuelle søkjargruppa ute, særleg ettersom det heller ikkje finst kompenserande stipendordningar. Det er også viktig å understreke at dei negative effektane på rekruttering og studiemiljø vil påverke norsk kunst- og kulturliv negativt, på kort og lang sikt.

Dei beste er ofte ikkje søkkrike

Rektorane på NMH, KHiO og AHO Klassekampen 18. mars
Rektorer på NMH, KHiO og AHO står ved grå betongvegg: Astrid Kvalbein, Markus Degerman og Irene Alma Lønne.

Ikkje noko apparat

Ola Borten Moe hevda nyleg på Dagsnytt 18 at norske utdanningar var blitt så gode at vi kjem til å trekkje til oss nok betalingsvillige internasjonale søkjarar. Det ser ikkje ut til å slå til hos oss, og endå mindre i utdanningar som har utvikla tilbod retta mot søkjarar frå det globale sør, som også rekrutterer folk vi treng framover, som i helse- og teknologifag. Han hevda òg at institusjonane er godt nok førebudde på den nye ordninga. Men enno er ikkje lova vedtatt som gir oss mandat til å krevje inn pengane, dette skjer truleg først i mai-juni. Vi har heller ikkje administrative apparat til å gjere grundige vurderingar av statsborgarskap og kven som kan ha rett til unntak frå å betale, eller sikre betalingsordningar på plass.

Alt dette og meir til har Universitets- og høgskolerådet peika på i eit brev til Kunnskapsdepartementet, og rektorane ved alle universitet og statlege høgskolar i eit brev til Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget. Men ministeren viser ingen teikn til å lytte.

Dei beste er ofte ikkje søkkrike

Å håpe at ordninga med studieavgift blir stansa er nok naivt, all den tid også Stortinget har varsla innføringa gjennom statsbudsjettet, og trass i at fleire parti, inkludert Arbeiderpartiet og SV, eigentleg er mot ordninga. Men kan vi i det minste håpe om ei utsetjing, i håp om å få på plass ordningar som gjer at vi ikkje prisar oss heilt ut av konkurransen med nabolanda våre, inkludert stipend til støtte for dei beste – men oftast ikkje søkkrike – søkjarane våre?

Internasjonalisering har vore trekt fram som eit heilt sentralt gode i sektoren i lange tider, også i den føreliggjande langtidsplanen for forsking og høgare utdanning, som Borten Moe gjerne talar varmt om. Her er to hovudmål «styrket konkurransekraft og innovasjonsevne» og «høy kvalitet og tilgjengelighet i forskning og høyere utdanning».

Erfaringsvis vil medstudentar frå land frå utanfor EØS-området styrkje og løfte alt dette, ikkje minst i kreative fag: kvaliteten på utdanningane våre, forskinga og det kunstnariske utviklingsarbeidet – og dermed innovasjonsevne og konkurransekraft. Men med studieavgifter vil vi vere langt mindre tilgjengelege globalt sett, og få svekt omdøme globalt. Har vi verkeleg råd til det, her oppe i nord, å stengje store delar av verda ute frå det framtidige kunst-, kultur- og kunnskapssamfunnet?

Artikler relevante