Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Meirope bibliotek frå 2. mai

Utlånsautomat

Biblioteket blir meirope. Det betyr at studentar og tilsette får tilgang til biblioteket også utanom betjent opningstid.

Korleis får du tilgang?

For å få tilgang utanom betent opningstid, må du vere student eller tilsett ved Musikkhøgskolen. Du låser deg inn på biblioteket med tilgangskortet ditt.

Inntil vidare gjeld dette måndag–fredag. Biblioteket er fortsatt stengd laurdag og søndag.

Kva kan eg gjere når biblioteket er meirope?

Du kan låne bøker og notar på den nye sjølvbetente utlånsautomaten. Andre lån må ekspederast når skranken er betent.
Strekkoden på tilgangskortet ditt må vere leseleg. Bestill nytt kort dersom strekkoden er falma.

Du kan returnere bøker og notar i eit returskap ved sida av automaten.

Du kan sitte og jobbe på lesesalen og i biblioteklokalet som vanleg. PC-rommet er ope på samme måte som tidlegere.

Trivselsreglar

Vi har lyst til å understreke at dette tilbodet er basert på tillit og respekt for skolens eigendom og du kan ikkje ta med deg materiale frå lokalet som du ikkje har registrert.

Vi er overbevist om at alle våre brukarar setter pris på biblioteket og takkar for at de tar ansvar for at biblioteket og bibliotekmaterialet kjem til nytte som eit felles gode.

Vi som jobbar i biblioteket ønsker fortsatt å yte god service og gleder oss til å hjelpe dykk når skranken er bemanna. Vi set òg av tid til rettleiing og bistand ved behov.

Artikler relevante