Gå til hovedinnhold
Norges musikkhøgskole Norwegian Academy of Music Søk

Nytt nummer av NMH sitt tidsskrift

På bildet er det to kvinnelige studenter i kostymer som er midt i en operascene
Frå operaoppsetting ved NMH hausten 2020

Det musikkpedagogiske tidsskriftet Nordic Research in Music Education som NMH lanserte før jul i fjor, kjem no med sitt andre nummer. Det er fortsatt eit ope tidsskrift.

Volum 2, 1. utgåve inneheld ni forskingsartiklar på norsk og engelsk med tema som spenner frå undersøking av opptaksprøver til høgare musikkutdanning, bruk av Spotify som danningsprosjekt, alternative tilnærmingar til notasjon for å styrke inkludering, og korleis undervisning i musikkhistorie gjennom opera kan fornyast ved å bryte med kanoniserte framstillingsmåtar, for å nevne noko.

Tidsskriftet er fagfellevurdert og gis ut i samarbeid med det nordiske musikkpedagogiske nettverket på plattforma hjå Cappelen Damm Akademisk. Guro Gravem Johansen er hovudredaktør for tidsskriftet, saman med Anna Houmann frå Musikkhøgskolen i Malmø og Danielle Shannon Treacy frå Sibelius-akademiet. Dei arbeider no med årets andre utgåve, som vil komme ut til hausten.

Artikler relevante